Ståle Steen Sæthre og gutane på akademiet på Lysekloster feira ein god fotballhelg med is og bading måndag.
Ståle Steen Sæthre og gutane på akademiet på Lysekloster feira ein god fotballhelg med is og bading måndag.

- Fantastisk at vi også kan ha marginane med oss

Ståle Steen Sæthre omtalar 3-2-målet sitt mot Stord som sin raraste skåring i karrieren.

Vel eitt døgn etter at fusingen avgjorde kampen mot Stord og sytte for Lyseklosters tredje trepoengar for sesongen vert han gratulert av gjengen på Akademiet til Lysekloster.

- I dag kan vi feira i lag. A-laget vann for tredje gong, og mange av elevane her vann sine kampar på Eat Move Sleep Cupen på Kuventræ i helga, seier Ståle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysekloster leidde på det meste 2-0 borte mot Tommy Knarvik sitt mannskaps, men til pause stod det berre 2-1.

Baste Jonassen og Hans-Christian Nysæther sytte for dei kvit-blåe sine mål før pause.

Eit stunt av eit mål

Etter kvilen utlikna Stord til 2-2 kring kvarteret før slutt. Dermed såg det lenge ut til at det skulle enda med eitt poeng for Lysekloster.

21 gutar og to jenter var i full trening under Ståle Steen Sæthres leiing måndag. - Sjølv i steikande sol køyrar me på, men det blir bading etterpå, kunne Ståle fortelja.
21 gutar og to jenter var i full trening under Ståle Steen Sæthres leiing måndag. - Sjølv i steikande sol køyrar me på, men det blir bading etterpå, kunne Ståle fortelja.

- At vi til slutt vann var resultat av at vi endeleg hadde litt marginar med oss, og 3-2-skåringa mi i det 88. minutt var jo heilt sjuk. Snakk om å skåra frå dau vinkel, humrar matchvinnaren frå søndag.

Han fekk så absolutt løn for strevet då han jaga ein lang ball frå Martin Eidsvik med to stopparar på seg.

- Eg berre sprang alt eg hadde, så bomma keeper på ballen og brått hadde eg sjansen frå skrått hald. Ballen gjekk i mål via hovudet på ein Stord-forsvarar som forgjæves prøvde stanse ballen, ler Ståle.

Feira med bad

Måndag feira han og vel 20 Akademi-elevar helgens innsats med is før trening og bading i Søvikvågen etterpå