Leiar i Os Orienteringsklubb, Tommy Sævareid, var godt nøgd med oppmøtet på Kyrkjeflaten onsdag.
Leiar i Os Orienteringsklubb, Tommy Sævareid, var godt nøgd med oppmøtet på Kyrkjeflaten onsdag.

Hegglandsdalen skule bidrog i verdsrekordforsøket

Onsdag var det forsøk på å setja ny verdsrekord i orientering. 70 elevar frå Hegglandsdalen skule gjorde sitt for å bidra.

Orienteringsforbund verda over hadde onsdag 11. mai lagt til rette for at så mange som mogleg skulle delta i orientering. Målet var å få registrert meir enn 250.000 deltakarar, og dermed setja ny rekord.

Gjer vårt

Leiar i Os Orienteringsklubb, Tommy Sævareid, hadde inga aning om målet var realistisk, men lova at vår lokale klubb ville gjera kva dei kunne for å få registrert flest mogleg deltakarar denne dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me står her på Kyrkjeflaten og tek imot løparar heilt til klokka 20 i dag, så får me berre håpa så mange som mogleg stikker innom, sa Sævareid då «Os og Fusaposten» prata med han like etter lunsjtid.

Til då hadde han registrert vel 100 deltakarar.

- Hegglandsdalen skule skal ha mykje av æra for det gode talet. Dei har no hatt med over 70 elevar. Det er eit kjempebidrag, seier Sævareid.

Hegglandsdalen skule stilte med 70 elevar i rekordforsøket i orientering.
Hegglandsdalen skule stilte med 70 elevar i rekordforsøket i orientering.

Resultat neste veke

Om bidraget frå Os og resten av verda held til ny verdsrekord lyt ein enno venta med å få vita til midten av neste veke.

- Det er ei omfattande oppteljing som skal gjennomførast, og deltakarlanda har fått eit par dagar på seg til å senda inn registrerte deltakarar. Me har i alle høve gjort vårt og er nøgde med innsatsen her i Os, seier Sævareid.