(Alle
(Alle

- Det er aldri ekkelt. Eg tenkjer at den døde som ligg i kista, den personen er det nokon som er veldig glad i.

I 25 år har Jorunn Moberg (57) hatt døden som yrke. Med dottera Agnethe Øvreeide (28), går tredje generasjon Moberg inn i gravferdsbransjen.

Jorunn Moberg frå Os gravferdsbyrå sit på huk ved den kvite kista. Ho danderer det safirblå katafalk-teppet med gullrysjar. Legg teppet under kista i fine faldar på kyrkjegolvet.

- Det vert sagt at dette teppet er ein gravferdskonsulents visittkort, smiler ho, vel vitande om at hennar visittkort ligg som det skal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tysdag etter lunsj. Jorunn og dottera Agnethe er i Os kyrkje for å ta hand om dagens andre gravferd.

Agnethe sjekkar med målbandet om kista står beint.

- Augemålet er visst bra. Eg bomma berre med ein halv centimeter. Ho går litt unna og vurderer plasseringa av blomane.

Katafalkteppet er ein gravferdskonsulents visittkort. Både Jorunn og Agnethe set si ære i å gjera det heile perfekt.
Katafalkteppet er ein gravferdskonsulents visittkort. Både Jorunn og Agnethe set si ære i å gjera det heile perfekt.
Som lita jente kunne Agnethe vera redd for at telefonen til mamma skulle ringa på julaftan. - Vi visste at ho måtte av garde om ho fekk den alvorlege stemma på tråden.
Som lita jente kunne Agnethe vera redd for at telefonen til mamma skulle ringa på julaftan. - Vi visste at ho måtte av garde om ho fekk den alvorlege stemma på tråden.
Tredje generasjon Moberg har gått inn i Os Gravferdsbyrå. - Vi har nok det same forholdet til døden som mange andre. Vi vil leva lengst mogleg, seier Jorunn og Agnethe.
Tredje generasjon Moberg har gått inn i Os Gravferdsbyrå. - Vi har nok det same forholdet til døden som mange andre. Vi vil leva lengst mogleg, seier Jorunn og Agnethe.

-Litt lenger til venstre, seier ho. Jorunn gjer som dottera seier.

Dårleg samvit

Nokre gonger får 57-åringen dårleg samvit. Til dømes når folk kjenner henne att på gata.

- Ja, for det å sjå meg minner dei om nokon dei har mista, seier ho.

Det er ikkje berre berre å oppleva seg sjølv som eit slags synonym til sorg og død. Ofte endar eit konsertbesøk i Oseana eller ein snartur på butikken, i ein eller fleire fortrulege samtalar om sorg og gravferd.

- Er det slitsomt?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, eg synest ikkje det. Når folk tek initiativ og vil snakka, så lyttar eg gjerne, seier Jorunn.

Når ho helsar på nye folk i sosiale samanhangar, må ho forresten anstrenga seg for ikkje å seia: "Ja, det er Jorunn. Eg må få lov til å kondolera".

- Det sit liksom spikra i ryggmargen, ler ho.

Kall

Jorunn var 33 år og småbarnsmor då ho 30. mai 1990 byrja i Solstrand gravferdsbyrå saman med far Nils Moberg. 12 år seinar stifta ho Os gravferdsbyrå. For ein månad sidan Agnethe kjøpte seg inn i familiebedrifta. No er ho medeigar saman med mora og hennar ektemann, Helge Haukås.

At 28-åringen skulle enda i bransjen, var slett ikkje sjølvsagt.

- I byrjinga tenkte eg at det ikkje skader å prøva. Det rare er at no kjennest det så naturleg, nesten meir som eit kall enn ein jobb, seier ho,

Førebels har ho vald å halda seg litt i bakgrunnen. Ein ting er reglar og formalitetar. Ein annan ting er korleis ein møter menneske i sorg.

- Eg er heldig som kan læra av mamma. Folk er så fornøgde med henne. Akkurat slik dei var med morfar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du er lik han, veit du, seier Jorunn. Ho fortel om ei gravferd nyleg der Agnethe byrja å rydda i salmebøkene.

- Ho flytta dei rundt slik at alle stod med permen ut, Akkurat det same gjorde far. Og eg, ler mora.

- Det er godt å høyra at eg liknar på morfar. Eg vart varm inne i meg når du seier det, smiler Agnethe.

Gravlegg kontoret

Os gravferdbyrås kontor i Landboden syng på siste verset. Om få dagar flyttar damene inn i nyoppussa, lyse lokale i Brugata. Noko Agnethe er svært glad for. Som sjølverklært petimeter og perfeksjonist er det greitt å ha det fint rundt seg.

- Vi er ganske like på det området, smiler Jorunn, kan henda er perfeksjonismen ein yrkesskade.

- Det finst i alle fall ikkje rom for feil i ei gravferd. Du får berre ein sjanse. Alt må vera perfekt, seier Jorunn.

- Men Jorunn, når du har fri, hender det ikkje at du slenger deg på sofaen med ein pose potetgull og bles i om du sølar litt mellom sofaputene?

Ho ser på journalisten med ei forbløffa mine før andletet revnar i ein hjarteleg latter.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, det kunne ikkje falt meg inn. Eg er berre ikkje slik, ler ho.

Ekkelt

Ein gravferdskonsulents arbeid byrjar med ein telefon frå dei pårørande og held fram med planleggjing av gravferd, val av kiste og ikkje minst utfylling av skjema. Skal dei pårørande ha syning eller båreandakt med prest? Til sist hentar Jorunn og Agnethe den døde og legg han i kista.

- Ofte er eg den siste som ser personen. Også då er det viktig at alt vert gjort verdig og fint, seier Jorunn.

- Nokre vil tenkja at du har ein litt ekkel jobb?

- Nei, eg har aldri tenkt at det er ekkelt. Enkelte gongar ubehageleg, ja, men eg tenkjer at denne personen er det nokon som er glad i, seier ho.

Uverdig

Jorunn har fått spørsmålet fleire gonger før. Ofte når folk har fått litt innabords.

- Eg må jo svara når folk spør, men eg er forsiktig med kva eg seier. Ein slik samtale kan fort få noko "uverdig" over seg.

- Må ein gravferdskonsulent vera meir forsiktig enn andre med korleis han eller ho oppfører seg?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg veit i alle fall om kollegaer i Bergen som reiser andre plassar for å gå på byen. For meg er ikkje det eit problem, uansett. Men, eg er for eksempel nøye med å ikkje ta offentleg side i saker, sjølv om eg ofte meiner noko om det, seier Jorunn. Ho gjentek noko faren innprenta i henne:

"Uansett kva du gjer eller seier, må du alltid kunna sjå folk i auga dagen etter".

- Agnethe, synest du mor di er for streng mot seg sjølv?

- Av og til, ja. Vi treng alle å kopla av og det trur eg folk forstår. For min del held det ikkje med å sitja framfor skjermen med strikketøyet i handa, ler ho.

Ut på byen

På 25 år har Jorunn møtt det meste. Døde etter ulukker, born, sjølvmord. Til og med drap. Nokre gonger har tårene runne fritt i sakristiet.

- Det blir aldri noko samleband. For nokre år sidan vart eg bestemor. Same våre gravla vi fire born. Det var veldig tungt, seier ho.

- Står ein i fare for å bli kynisk?

- Kanskje, men eg tenkjer at den dagen det ikkje krev noko av meg å gå på jobb, den dagen er det på tide å gje seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utanom kontortid

Jorunn går alltid med telefonen i lomma. Folk døyr trass alt ikkje berre i kontortida.

- Du veit i grunnen ikkje før dagen etter om du hadde fri i går, ler ho.

Med dottera som kollega ligg det an til litt meir fritid.

- Eg kjøper alltid billettar ytterst på rada så eg kan smetta diskret ut. Heretter kan eg kanskje setja meg i midten, seier Jorunn.

Sjølv om jobben kan vera tung både fysisk og psykisk, er ikkje Jorunn i tvil.

- Det er ein ekstremt meiningsfull jobb. Og tenk for ei tillitserklæring folk gjev oss! Dessutan er det vel få som får så mykje takk i retur som oss, seier Jorunn.

Fredagssmil

Å vera gravferdskonsulent er alvorleg, men langt frå gravalvorleg. Kvar fredag stiller Jorunn med ein rull «Smil» i lomma.

- Den deler eg med kollegaene i kyrkja. Vi er som ein liten, litt annleis familie. Men også vi treng litt kos før helga.

- Mange gler seg kvar dag til å gå på jobb. Er det slik for dykk?

Agnethe og Jorunn ser på kvarandre.

- Kan eg seia ja utan å bli misforstått, ler Jorunn.

- Kva er ein dårleg dag på jobben?

- Vi kan ikkje tillata oss å ha ein dårleg dag. Det må vi ta når vi kjem heim. Men det har hendt at det har stått feil i ei dødsannonse eller i programmet. Då er det ikkje anna å gjera enn å kjøpa ein blome og be på sine kne om tilgjeving, seier Jorunn.