- Det gror godt i Os Fotball

- Alle dreg i same enden av tauet. Framtida ser lys ut for klubben, seier Frode Lohne Sæle.

Lohne Sæle er G16-trenar og koordinator for satsingslaga - frå G14 til og med G19. Tysdag hadde han ein travel dag på "jobb", då G14 spelte kamp på Kuventræ samstundes med G15. I tillegg hadde G16-laget trening.

- Det er hektisk i dag, ja. Eg følgjer særleg med på nokre spelarar på G14 som plar hospitera med oss på G16, og i den andre kampen er det spelarar som til dagen spelar på dei ulike G16-laga. Det er nemleg ikkje eit tilbod om G15 lag i Hordaland, seier Lohne Sæle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor sprik i fysikk

Han synes det er synd at det ikkje er høve til å ha ei avdeling for G15-lag.

- Eg forstår krinsens argument om at det er vanskeleg for ein del klubbar å stilla lag, men det hadde vore bra for spelarar å møte motstandarar som er jamngamle. Gutane er i den alderen kor vei veks mest, og det er stort sprik i fysikken hjå spelarane. For at dei skal få spela mot jamngamle, og spelarar med stort sett lik fysikk, har vi valt å vera med på fleire ulike cupar for G15-lag, seier han.

Kaptein Myrlid stod fram

Os G14 møtte Brann, som er suverene i avdelinga. Før kampen mot Os, stod dei raudkledde med fire sigrar av fire moglege, og 38-1 i målforskjell. Dei slo også krinslaget 7-2, blei det sagt på tribunen. Underteikna fekk med seg førsteomgang, og Os gjorde seg så absolutt ikkje bort. Brann var berre kvassare framfor mål. Brann leia 3-0 til pause, og vann til slutt 6-0. Eit resultat som lyg utifrå spelet. Spesielt Os-kaptein Elias Myrlid imponerte stort.

- Elias plar hospitera hos oss, saman med Oscar Fimreite. Oscar er på krinslaget, det er ikkje Elias per no, men han har hatt ei rivande utvikling i det siste, og eg veit at krinsen følgjer med.

Sterk opphenting

Os G15 spelte gruppespelkamp mot Djerv 1919 i Adidas Cup, som er rekna som uoffisielt NM for 15-åringane. Etter at laget ikkje hadde høve til å stilla lag til ein kamp mot Vidar, og tap for Skjoldar, skal det mykje til for at gutane går vidare i turneringa, men dei gav alt i ein særs spanande kamp. Bortelaget leia 3-1 til pause. I andreomgang kneppa Os opp eit hakk og tok kommandoen. Med tre kjappe skåringar stod det plutseleg 4-3. Det skulle likevel ikkje bli den første sigeren i Adidas Cup, for kampen enda til slutt 5-5! Målskårarar for Os var Christoffer Eikås, Markus Lund Valvik, Daniel Bjørnevik og Marius Hevrøy (2).

Spanande opplegg

I Os er det no to gutespelarar som hospiterer med A-laget, Vegard Skeie og Ole Martin Lekven Kolskogen. Sistnemnde trenar også litt med Brann. Det er i det heile mange spelarar som får hospitera på eit høgare nivå i klubben, og samarbeidet og dialogen mellom dei ulike laga og trenarane er strålande.

- Kva meiner du er grunnen til den optimismen du kjenner på?

- Det er fleire grunnar til det. Endre Brenne og dei gjer ein fantastisk jobb. Vi har fått inn ein god kultur for spelarutvikling. A-laget spelar attraktiv fotball, og den same spelestilen blir brukt gjennomgåande i klubben. Det er spanande å vera med på, seier Lohne Sæle og smiler.