Lesarbrev: Bjørnafjorden treng solidarisk politikk
At Os er Frp sitt utstillingsvindauge, seier litt om ambisjonane til Frp?
Kvifor gjera endringar i det politiske landskapet, spør kanskje somme veljarar, når Os og Fusa får 1. og 2. plass i Hordaland og (6 og 10 i landet) i Kommunal Rapport si gransking. Ikkje gale det, ut frå dei fagområda det er målt på.
Men dukkar ein bakom tala, er her fleire sentrale tenesteområde der begge dei gamle kommunane plasserer seg i nedre halvdel av 422 norske kommunar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunebarometeret 2019 er ei måling som vert publisert av Kommunal Rapport kvart år. Her vert kommunane rangert etter 151 nøkkeltal, på tvers av 12 ulike sektorar. Dei 12 sektorane har forskjellig vekt. Grunnskule og pleie og omsorg er viktigast, følgd av barnevern, barnehage og økonomi. Desse sektorane utgjer 70 prosent av barometeret samla. (Kjelde OFP 04.07.19)
At Os er Frp sitt utstillingsvindauge, seier litt om ambisjonane til Frp? Noreg har 422 kommunar pr. dato, og på sentrale område ligg Os godt under midten: Os ligg på 288. plass i høve barnehage, 341. plass på helse, 357. plass på kultur, 275. plass på sosialteneste og 338. plass på vatn, avlaup og renovasjon.
Fusa kjem under snittet med 402. plass på kultur, 259. plass på økonomi, 202. plass på vatn og avlaup; så vidt over 211.plass. Så skal ein sjølvsagt notera meir positive tala for barnevern, grunnskule og pleie og omsorg, som ligg minst topp 77. Sjå eigen tabell («Faktaboks»)
To ulike kommunar
Me ser altså at på sentrale velferdsområde innan barnehage, helse og sosialtenester er det tydeleg rom for forbetring i tenestene til innbyggjarane. Her er mange kommunar som finn betre løysingar og difor klatrar høgare på Noregstoppen. Slike målingar seier sjølvsagt ikkje alt om trivnad i ein kommune eller arbeidsmiljøet til dei tilsette som skal yta tenestene, men det er tydelege peikepinnar.
Difor arbeider Bjørnafjorden SV for ei endring og fordi det no er bokstaveleg tale om eit heilt nytt landskap, ein ny samansetting som krev nye, friske tankar og taktar. Det er ikkje slik at alt kva som har vore i Os , vert malen for det som skal skje vidare i Bjørnafjorden. Å driva den nye kommunen er ikkje som å driva dei to noverande kommunane. Os er kompakt, folkerik og lettdriven med rikeleg tilsig av busetjarar, medan Fusa er vidstrakt med lite tilsig av innflyttarar, men likevel med trong for spreidde tenester.
Anbod er byråkrati
Bjørnafjorden treng ein raud politikk med kvalitet på tenester og raus tillit til dei som skal utføra dei. Å yta omsorg og velferd er ikkje å driva butikk, kommunen har ansvaret for tilboda, og dette ansvaret skjøttar ein best ved å driva sjølve i god dialog med dei tilsette og deira organisasjonar.
Trygge tilsette yter beste tenester. Du kan ikkje skræma nokon til fagleg, varm omsorg eller kunnskapsrik og empatisk opplæring. Anbodsrundar er kostnadskrevjande og fremjar ikkje alltid kvaliteten, mykje pengar går bort i administrative søknads- og kontrollrundar, pengar som kunne vore brukte til fleire fagfolk i arbeid i dei aktuelle tenestene. Anbod er byråkrati...
SV vil prioritera midlar som betrar kvardagen til barn og unge i den nye kommunen, skulemat, rimelegare SFO, styrkja kulturtilbodet i samarbeid med lag og lyd. Det er sosialisme i praksis; å leggja til rette slik at alle, same kva bakgrunn dei har, får like høve til gode velferdstenester og ein god kvardag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Å vera innbyggjar i Bjørnafjorden skal vera ein god nok billett til ein trygg kvardag, det skal ikkje stå på din private økonomi eller kor du kjem frå, kva føresette du har fått, for at du skal kjenna deg trygg og vita at fellesskapet er klar til å støtta, dersom du eller dine ikkje meistrar kvardagen. Det er sosialisme i praksis. Det er raud politikk. Me vil arbeida sterkt i mot at eldre og pleietrengande skal vera ei handelsvare. Eit samfunn sin kvalitet skal målast på korleis det tek seg av sine svakaste. SV jobbar for velferd for dei mange, ikkje rikdom for dei få.
Mette Holmefjord Olsen
Kandidat for Bjørnafjorden SV