Trine Frantzen-saka: Politiet har avslutta gravinga
Gravinga etter Trine Frantzen på Øvsttun gravplass er førebels avslutta.
Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Vest politidistrikt gjennomførte i førre veke krimtekniske undersøkingar i fem gravar på Øvsttun gravplass utan funn av interesse for Trine Frantzen-saka.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Politiet har avslutta gravinga i denne omgang. Vi vil i tida framover vurdera korvidt vi skal gjera ytterligare undersøkingar på Øvsttun gravplass, heiter det i pressemeldinga.
Politiet held fram etterforskinga av saka, men kan av taktiske årsaker ikkje gå i detalj om kva det inneber.
– Dersom det vert aktuelt med ytterligare undersøkingar på gravplassen, vil politiet informera om dette i forkant, skriv Vest politidistrikt.
camilla.kvamme@osogfusa.no