Opposisjonen, her representert ved Nils-Anders Nøttseter (MDG), godtek ikkje posisjonens vedtak, og bed difor om ein lovlegheitskontroll. – Det er allereie utarbeidd ein statleg kommundelplan. Det var ingen god idé, sa Nøttseter.
Opposisjonen, her representert ved Nils-Anders Nøttseter (MDG), godtek ikkje posisjonens vedtak, og bed difor om ein lovlegheitskontroll. – Det er allereie utarbeidd ein statleg kommundelplan. Det var ingen god idé, sa Nøttseter.

Hordfast: Posisjonen sa ja til statleg detaljregulering. Opposisjonen ba om lovlegheitskontroll av vedtaket

– Vedtaket ber preg av tynne demokratiske prosessar. Vi kjem difor til å be om ein lovlegheitskontroll, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG) då debatten om statleg detaljregulering av E39 Stord-Os gjekk mot slutten.

Av kommunestyrets 35 representantar, røysta 19 for statleg regulering. Litt spenning vart det likevel då ordføraren skulle gjennomføra votering ved hjelp av navneopprop, og Børge Lunde (H) kom i skade for å seia at han ønskte kommunal detaljregulering. Det viste seg fort at H-representanten berre hadde snubla i orda.

– Statleg regulering, sa Lunde høgt og tydeleg på andre forsøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønskjer ein heilheitleg plan

Tidlegare i debatten forsøkte Arbeidarpartiet seg på eit utsetjingsframlegg.

– Det mest naturlege er at saka vert handsama av det nye kommunestyret, sa Gisle Hesjedal (Ap).

Nøttseter og MDG stilte seg bak utsetjingsframlegget. Nøttseter meinte saka ikkje var tilstrekkeleg utgreidd.

Gustav Bahus (Frp) meiner kommunen har blitt møtt med stor forståing i innspela dei har kome med i samband med kommunedelplanen. – Vi har i stor grad vorte høyrt, sa Bahus.
Gustav Bahus (Frp) meiner kommunen har blitt møtt med stor forståing i innspela dei har kome med i samband med kommunedelplanen. – Vi har i stor grad vorte høyrt, sa Bahus.

– Saka kom for seint, ho er ikkje godt nok utgreidd, og ho er lagt til drøfting utan tilråding i frå rådmannen, påpeika MDG-politikaren.

Jakob Enerhaug (KrF) meinte også grunnlaget for å uttala seg om saka var for tynt.

Utsetjingsframlegget vart raskt avvist med 19 mot 16 røyster. Thorstein Skårnes (uavhengig) var inne som vara for Terje Hatvik (V), som har teke over plassen til Glenn Erik Haugland (V) i kommunestyret. Skårnes røysta med høgresida.

– Prosjektet strekkjer seg over fire kommunar. Vi ønskjer å sjå planen i samanheng. Det har vi gjort i tidlegare skriv til departementet også, uttalte Gustav Bahus (Frp).

– Overraskande ønske

Harald Lekven (Sp) viste til posisjonens tidlegare ønske om sjølv å ha ei hand på rattet når ting skjer rundt ein.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At Frp og H bed staten om å ta kommandoen, overraskar meg. Kva gjer denne saka meir spesiell enn andre, sa Lekven og viste til saka om byvekstavtalen.

– I byvekstavtalen vart ein samd om å setja saka på vent for å sjå kva som gagnar oss best. Det same må gjelda brua, meinte Sp-politikaren.

Etter Lekven, gjekk Enerhaug på talarstolen og hevda at saka ber preg av eit «forunderleg hastverk». KrF-politikaren meinte også at saka ber preg av at «nokon er på veg ut».

– Posisjonen benyttar den mogelegheita dei har til å gjera det dei gjer. Det er heilt legitimt, men eg håpar ikkje eg hadde gjort det same, dersom eg var i same situasjon. Eg håpar eg hadde hatt ryggrad til å la saka gå, sa Enerhaug, og pådrog seg ein replikk frå ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Dette handlar korkje om å bruka makt, eller om manglande ryggrad til å la ei sak gå. Os kommune har tidlegare uttalt at ein ønskjer statleg plan på dette kommuneoverskridande prosjektet. Så kom spørsmålet opp igjen 5. september (då regjeringa offentleggjorde sitt vedtak knytt til Kommunedelplan for Hordfast journ. mrk.). Då ba eg om at saka vart sett på dagsorden til dette møtet. Om vi ventar til neste møte, trur eg ikkje vi har høve til å påverka prosessen i det heile. Skal kommunen uttala seg, må vi gjera det no, sa Søviknes.

Moberg, Kuven og Svegatjørn

Nøttseter argumenterte for at dersom kommunen overlét ansvaret for detaljreguleringa til staten, vert ein låst til ein «dårleg statleg plan», slik tilfellet er med kommunedelplanen.

– Å laga ein statleg kommunedelplan var ingen god idé. Vi har, delvis, fått gjennomslag for synspunkta våre i Øyane. Men vi har så godt som ingen utgreiing på det arbeidet som skal gjerast på Moberg, Kuven og Svegatjørn. Området består av tre barnehagar, barneskule, roklubb og sentralidrettsanlegg. Vi har investert hundrevis av millionar i området, men, av di planen er gjennomført som ein statleg plan, er det ikkje arbeidd med desse temaa, sa Nøttseter.

Bahus og Frp deler ikkje synspunktet til Nøttseter om at prosessen knytt til kommunedelplanen har vore dårleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har i stor grad vorte høyrt. Det er heilt sikkert ting som kunne vore betre ivareteke, men eg personleg synest vi har blitt møtt med forståing i innspela vi har kome med. Det var ein stor dag då ein valte å gå under heile Søre Neset, sa Bahus og la til:

– Sjølv om vi vel statleg detaljregulering betyr ikkje det at vi ikkje skal involvera oss. Dette er ei viktig sak for Os.

– Vi må koma i gang no

Frp og H la fram følgjande framlegg til vedtak, som fekk støtte frå fleirtalet: Os kommune ønskjer statleg detaljregulering av E39 Stord-Os, då prosjektet strekkjer seg over fire kommunar. Samordna planprosess og handsaming på tvers av kommunegrenser vert, etter Os kommune sitt syn, beste ivareteke av ein statleg detaljregulering. Os kommunestyre gjev rådmannen fullmakt til å senda over høyringsbrev etter mal frå brevet frå Tysnes kommune datert 16.09.19. Det skal gå fram av brevet at Os kommune har vore nøgd med lokal medverknad i høve til arbeidet med vedteken kommunedelpan for E39 Stord-Os, ref. ilandføring av bru i Søre Øyane og lang tunnel til Moberg.

– Vi trur det vert uheldig med fire motstridande syn inn i ein statleg prosess. For heilskapen, framdrifta og kostnaden sin del, meiner vi det er fornuftig med ei statleg regulering, kommenterte Espen Aspenes (Frp).

– Stord har signalisert at dei ønskjer å gjera det same. Vi må koma i gang no. Hordfast er eit utruleg viktig nasjonalt prosjekt som påverkar mange fleire enn Os og Bjørnafjorden, sa Susanne Sperrevik (H).

Sperrevik var vara for Marie Lunde Bruarøy (H), som vart kjent ugild som følgje av at ho er nestleiar i styret i Hordfast.

camilla.kvamme@osogfusa.no