Fekk bryna seg mot dei beste i landet - heime i Oshallen
Det var høgt nasjonalt nivå på det som vart vist på handballbanen då Os/Nore Neset var vert for Bringserien i helga.
8. og 9. desember tok jenter 16-laget til Os imot nokre av dei beste 16-årslaga i Noreg til andre runde i Bringserien. Son fra Østfold, HK Eidsberg fra Oslo og Charlottenlund frå Trondheim var gjester.
Dei fire laga møttest til totalt seks kampar med svært høgt nivå. Os/Nore Neset, med Ruth Moberg og Mia Torp Nielsen i spissen, stilte med eit skadeskutt lag og fekk det tøft.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Jentene hadde det likevel veldig kjekt og kjem sterkare tilbake, fortel Toril Eide på vegner av ei engasjert foreldregruppe.
Tilskodarane som tok turen innom hallen fekk uansett sjå håndball med flotte fintar og imponerande spel, og sist, men ikkje minst, smilande og blide jenter, legg ho til.
Som vertskap sytte Os for at alle spelarar og trenarar fekk lunsj i klubbhuset på laurdagen.
- Dei tilreisande var veldig nøgde med både mat og opphold, og heimelaget gjorde seg godt bemerka for gjennomføringa av arrangementet, konstaterer Eide.
Jenter 16 kvalifiserte seg til Bringserien i september. Foreldregruppa og jentene har sidan hatt dugnadar, panta flasker og jobba for å få inn pengar til å reisa på kampar - og for å vera vertskap for runde to.
- Vi har også blitt sponsa av næringslivet og aktørar i Os og omegn med mat, premiar og pengestøtte. Det er vi veldig takknemlege for, seier Eide og legg til:
- Det kjem godt med då alle kampane våre er på Austlandet. Neste runde er 12. og 13. januar i Lørenskog. Det gler vi oss til!
jostein@osogfusa.no