Strandvik Vekst AS får likevel kjøpa skulen i Strandvik. Salssummen er 700.000 kroner. (Arkivfoto)
Strandvik Vekst AS får likevel kjøpa skulen i Strandvik. Salssummen er 700.000 kroner. (Arkivfoto)

Søknadsfrist på privatskule søndag

Søndag går fristen for å søkja opptak ved Strandvik Montessoriskule ut.

Skulen er ifølgje nettsida til skulen ein leksefri heildagsskule med aldersblanda grupper frå 1. til 7. trinn. Det betyr at om ein tek utgangspunkt i Ølve Montessoriskule sin kvardag så vert det skule frå 8.15 til 14.15, samt tilbod om SFO på morgonane og ettermiddagane.

Skulen følgjer læreplan for Montessoriskolen, som er godkjent av Utdanningsdirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevane betaler ifølgje søknadsskjemaet ikkje skulepengar, men 20 kroner per dag i matpengar.

Os og Fusaposten har ikkje lukkast i å koma i kontakt med styreleiar for Strandvik Vekst AS, Sondre Romundset.