Elevane laga kart og fargela flagg som til slutt resulterte i ein stor FN-plakat. Dei laga også FN-spel med spørsmål relatert til berekraftmåla og FN generelt. (Alle
Elevane laga kart og fargela flagg som til slutt resulterte i ein stor FN-plakat. Dei laga også FN-spel med spørsmål relatert til berekraftmåla og FN generelt. (Alle

Hålandsdalen Montessoriskule markerte FN-dagen

FN-dagen er ein stor dag på montessoriskular verda over. På Hålandsdalen Montessoriskule fekk elevane høyra om korleis FN-samarbeidet starta, kva FN står for og ikkje minst kvifor det er så viktig å jobba saman mot desse viktige, felles måla.

Det at dei store verdsnasjonane (USA, Sovjetunionen, Kina, Storbritannia og Frankrike) sette seg ned og vart einige om å danne «United Nations» 24. oktober 1945 er ei viktig hending å markera. Forente Nasjonar jobbar intenst for å bevare verdsfreden. Dette var også Maria Montessori sitt høgaste ynske og endelege mål: At borna skulle få nok kunnskap og respekt for kvarandre til å alltid velja fredelege løysingar i konfliktar.

I dag er alle 193 land i verda medlemer av FN og saman jobbar dei for at verda skal verta ein betre stad å bu. FN har sett seg høge mål som vert presentert gjennom FN sine 19 berekraftmål. Her spelar både barna sine rettar, helse og klimamål ei viktig rolle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredskaker

På Hålandsdalen Montessoriskule fekk elevane høyre om korleis FN samarbeidet starta, kva FN står for og ikkje minst kvifor det er så viktig å jobbe saman mot desse viktige felles måla.

Elevane laga kart og fargela flagg som til slutt resulterte i ein stor FN-plakat. Dei laga også FN-spel med spørsmål relatert til berekraftmåla og FN generelt. Dei bakte "fredskaker" som alle fekk ein smakebit av på slutten av dagen og dei løyste rebusar, kryssord og såg på film om kva utfordringar FN står ovanfor i dag og kva som løner seg om ein vil bidra.

Elevane fekk med dette ei breiare forståing for at det er borna som er framtida og at deira tankar og handlingar betyr mykje!

Neste år er det planar om å samla inn pengar til eit humanitært føremål.

Melinda Hjelm Hatletveit

Hålandsdalen Montessoriskule