Rune Totland har arbeidd hjå Strandvik Transport og Maskin i snart eitt år. Han fraktar mellom anna råvarer og ferdige produkt til og frå Frank Mohn.
Rune Totland har arbeidd hjå Strandvik Transport og Maskin i snart eitt år. Han fraktar mellom anna råvarer og ferdige produkt til og frå Frank Mohn.

Stø kurs i 40 år

Det andre oppfattar som avfall, har Olav Hermann Vik og sonen Jan Magnus Vik hatt som levebrød i ei årrekkje. I dag har enkeltmannsføretaket som vart starta i 1976, 18 tilsette.

I Håvikvegen i Strandvik, har Strandvik Transport og Maskin AS sin hovudbase. Her møter me tre blad Vik, samt den firbeinte familiemedlemen Yago, til teneste for familieverksemda fem dagar i veka. Med seg på laget har dei 15 andre tilsette. Forutan i Strandvik, er dei andre tilsette stasjonerte i Skeielia i Fana.

- Eg har vore her i eit par og tjue år. Før det hadde eg sommarjobb i verksemda, fortel Jan Magnus Vik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har alltid lege i korta at han skulle ta over. Men far hans, Olav Hermann Vik, har ikkje trappa ned arbeidet av den grunn.

- Den største skilnaden er at det er han som får storparten av telefonane, seier senior og nikkar i retning sonen.

Bos i 30 år

Mykje har skjedd sidan senior starta enkeltmannsføretak i 1976. Den gongen heitte verksemda Olav Vik maskinstasjon, og fusingen dreiv hovudsakleg med utleige av dumparar og gravemaskinar. Fem år seinare fekk Vik sin første bosbil.

Forutan Jan Magnus Vik og Olav Hermann Vik, deltek også kone/mor Ingeborg Vik i den daglege drifta av verksemda.
Forutan Jan Magnus Vik og Olav Hermann Vik, deltek også kone/mor Ingeborg Vik i den daglege drifta av verksemda.
Den firbeinte familiemedlemen Yago er også fast inventar i Håvikvegen i Strandvik.
Den firbeinte familiemedlemen Yago er også fast inventar i Håvikvegen i Strandvik.

- Eg køyrde hushaldningsavfall i Fusa. Eg tok over arbeidet etter Karl Opsal, fortel Vik.

Avfallshandteringa vart fort ein viktig del av arbeidet, og på slutten av 1990-talet oppretta han verksemda ASS Renovasjon i lag med Hans Ask Transport A/S på Os og Brødrene Salomonsen AS på Askøy. Verksemda hadde ansvar for tøming av hushaldningsavfall i alle BIR-kommunane utanom Bergen (sju kommunar) fram til 2011.

- Vi hadde kvar våre ansvarsområde. Strandvik Transport og Maskin tok seg av bostøminga i Fusa, Samnanger og Vaksdal, fortel Vik.

- I 2011 mista vi kontrakten til ei anna verksemd. Då hadde eg køyrt bos i Fusa i 30 år, legg senior til.

Trass i at verksemda hadde andre bein og stå på, som konteinarutleige, sortering av industriavfall og sal av singel, grus og pukk, merka ein godt effekten av at hushaldningsavfallet brått var ein saga blott.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nedturen var tøff. Sjølv om vi fekk nokre andre oppdrag andre stader, var vi tvungen til å seia opp fire mann, fortel Vik.

Sikra arbeid i ni år

I dag er Fusa-verksemda nok ein gong ein viktig aktør i avfallshandteringa i BIR-land. I tillegg til at Strandvik Transport og Maskin AS eig to bosbilar som tek seg av industriavfall frå butikkar og kommunale bygg i Bergen, har verksemda, gjennom eigarskap i Retura Vest, sikra seg ni år med henting og bringing av konteinarar frå alle BIR sine 11 gjenbruksstasjonar. Avtalen tredde i kraft 1. januar 2016, og i tillegg til å hanka inn to nye arbeidarar, måtte verksemda skaffa seg tre nye lastebilar.

- Avtalen tyder mykje for oss. Det er snakk om mellom 10.000 og 11.000 konteinarar i året, og opp mot sju millionar kroner i omsetnad berre på den delen av drifta, fortel Vik junior.

Avfallshandtering er ikkje det det ein gong var. For det første er gjenvinning vorte ein viktig del av kvardagen til folk flest. Det betyr mindre restavfall, og meir sorteringsarbeid for dei som skal ta seg av boset.

- På det meste frakta vi fire tonn hushaldningsavfall om dagen, fortel Vik senior om korleis stoda var på 1980-talet.

Anbodsrekning og effektivisering er sentrale omgrep i kvardagen til Strandvik Transport og Maskin.

- Når ein først har fått kontrakten, må ein sørgja for at det er økonomi i arbeidet ein skal utføra også. Utfordringa i dag er at all transport er dårleg betalt. Det betyr at ein må utnytta bilparken best mogleg, og sjå til at ein har mest mogleg last, og minst mogleg tomlast, på kvar einaste tur, forklarar duoen.

Tilpassingsdyktige

Far og son Vik ser lyst på framtida til verksemda. Kontrakten med Retura Vest vert god å ha i åra som kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi reknar med at det vert ein del å gjera dei ni neste åra, ja, seier Jan Magnus.

Og for dei som lurte, så driv Strandvik Transport og Maskin med utleige av konteinarar til private og verksemder også. Då gjer det ingenting at utbyggingsaktiviteten i heimbygda har vore stor dei siste åra.

- Forutan nedturen i 2011, har verksemda vakse jamt og trutt heilt sidan starten. Det gjeld å tilpassa seg realitetane heile tida, slår senior fast.