Phillip viser fram kjærasten sin, som han framleis ikkje har møtt. - Eg håpar at eg får meg ein jobb snart, slik at eg kan besøka ho, seier han.
Phillip viser fram kjærasten sin, som han framleis ikkje har møtt. - Eg håpar at eg får meg ein jobb snart, slik at eg kan besøka ho, seier han.

På desperat jobbjakt

Phillip Kallekleiv Vedøy (17) er hodestups forelska i ein amerikanar som han aldri treft andlet til andlet. No er han på jobbjakt for å kunna spara pengar til å reisa over dammen.

I sommar trefte Kallekleiv ei jente frå Michigan i USA på ei chatteside på internett. Dei to fann raskt tonen, og blei etter kvart kjærastar sjølv om dei aldri har treft kvarandre.

- Me snakkar med kvarandre kvar dag, seier Phillip.

Artikkelen held fram under annonsen.

Merksemd frå kjende og ukjende

Ungdomen frå Søfteland har lenge vore på utkikk etter jobb, men så langt har han ikkje lukkast. Då mor hans Liv Berit ville leggja ut ei melding på Facebook, der ho skildra sonens situasjon, sa han at det var greit.

- Ho sa at ho skulle leggja ut ein melding på Facebook. Eg var vel ikkje klar over at ho skulle leggja det ut på Oppslagstavlo i Os, men det er i grunn greit.

- Har du fått noko respons på meldinga?

- Ja, både frå vener og folk eg ikkje snakkar så mykje med. Dei lurer fælt på kven dette er. Dei har i grunn stilt dei same spørsmåla som du, smiler Phillip.

Håpar på å reisa i vinterferien

Meldinga blei lagt ut i går. 17-åringen har fått ein del merksemd, men jobbtipsa uteblir.

- Er det tilfelle at du tek kva som helst?

- Ja, det er ikkje så nøye kva jobb eg får. Eg treng spara pengar. Eg kan ikkje vera kresen, seier han.

Turtelduene har hatt kontakt sidan i sommar, og planen var at Phillip skulle reisa til Michigan i juleferien, men siden han ikkje har jobb, må han utsetja planane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg håpar at eg kan reisa bort i vinterferien i staden, seier han.

Har snakka med foreldra

I Amerika er det laga ein fjernsynsserie kalla Catfish: The TV Show. Dei to produsentane bak serien tek føre seg personar som har fått kjensler for nokon dei aldri har møtt i røynda. Det viser seg ofte at den eine parten ikkje er den dei gjev seg ut for å vera, og at dei har ført den andre parten bak lyset. Phillip veit godt kva "catfish" er, men han er ikkje redd for at kjærasten ikkje er den ho gjer seg ut for å vera.

- Me både Skyper ofte, og har kontakt kvar dag. Eg har også snakka med familien hennar på Skype, seier han.

- Kva synest dei om situasjonen då?

- Dei var redde for at eg var ein "catfish", men no har eg overbevist dei om at eg ikkje er det. Dei har ikkje noko imot situasjonen.

Puppy love

Liv Berit er ikkje i tvil om at sonen er hovudstups forelska. Då dei var på ferie i Belgia i sommar, var sonen til tider litt usosial.

- Det var strålande sol og fine strender. Men grunna tidsforskjellen måtte han inn for å sova midt på dagen slik at han kunne snakka med ho på Skype når det passa for ho. Alt er tilpassa ho, seier Liv Berit.

Ho er også klar på at ho sjølvsagt fekk løyve frå sonen før ho låg ut meldinga på Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ellers kunne det blitt bråk i heimen. Det var jo litt utleverande, seier ho og held fram:

- Det er ikkje så lett for desse "spedkalvane" å koma seg inn på arbeidsmarknaden. Eg tenkte at alle har eit svakt hjarta for "puppy love", og håpar at meldinga fører fram til noko.