Stelte i stand julebord på Eikhovdaheimen
Det vart både pinnekjøt, allsong og opplesing då frivillige stelte i stand julebord for bebuarane på Eikehovdaheimen onsdag.
- Det er første året me har julebord her, fortalde Klara Boge i det ho kom forbi med ein bolle full i 200-lappar.
Saman med Liv Vindenes har ho eit opplegg for bebuarane og eldre einslege i grannelaget om lag annankvar onsdag gjennom året. Her er det bingo, dikt og forteljingar. Seniordansen har vore innom. Irene Nordtveit er av og til innom med gitaren, og heiderskarane Jon Berhovde og Trond Eide har ofte vore med. Pluss ein god del andre. Dette er tydelegvis populært.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg trur dei eldre synest det er kjekt. Då me hadde "sommarferie", var det nokon som meinte jentene skulle vera borte i to månader.
- To månader!, var det ein som sa, han meinte visst at det var vel lenge.
Som å koma heim
-Tuppen og Lillemor kallar me oss. Me greier oss sjølve, seier Liv som sneiar bortom bordet vårt i forbifarten.
- Me bakar eplekake, ostekake og vaffelkaker. Dei som bur her betalar 20 kroner per gong når me treffest på onsdagane. Og så kjøper me kaffi når det er tilbod og lagar fruktsalat, held Klara fram.
Det høyrer med til soga at Klara og Liv jobba på Eikhovdaheimen for nokre år sidan.
- Me hadde lyst å gjera noko for dei som bur her. Å koma hit er litt som å koma heim, seier Klara.
Overraskande juletre
Bebuar Elisabeth Bolstad ville gjerne me skulle få med at dei hadde fått juletre frå Fusa Lions Club.
- Eg var på basar i Øvredalen og snakka med Bjarte Skjelvan. Dagen etter kl 10.00 stod Egil Samnøy her ute og då var treet på plass. Han sa at dette skulle me få kvart år, fortel Elisabeth.
Artikkelen held fram under annonsen.
Høgt oppe
Så ønskte Bodil Samnøy velkomen til alle dei som hadde funne plassane sine - lenge før alt skulle ta til. Sjølv ho som kom for seint, kom mykje for tidleg.
- Dette blir eit gildt bordsete. Dette er fantastiske, frimodige folk som lagar god og lett stemning, sa Samnøy og tenkte både på dei som laga til og gjestene.
Så vart det song med «Det lyser i stille grender». Dei flotte damene i luftige permanentar song høgt oppe i c-durskalaen, så langt oppe at det ikkje er meininga at karar skal kunna følgja etter. Mennene nytta tida til å studera teksten med ei interessert mine.
Penicillin
-Ja, no får de berre la drøsen gå, sa Bodil.
Og det vart stille som musene i Musevisa.
Men sakte men sikkert løyste stemninga tamp frå bordkanten og praten gjekk lett om det meste. Spelemennene Jon Berhovde med trekkspel og Trond Eide med gitar laga hyggeleg bakgrunnsmusikk. Berhovde framførte også ei soge om Nilsen i Bakkjen og Stølatræ-Jensen, smalahove og penicillin, skrive av Jimmy Øvredal.
Hjartans lyst
Det var mannen til Klara som skulle koma med maten.
- Eg har ikkje venta slik på mannen min sidan forlovelsesdagane, sa Klara og lo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så kom maten, akkurat når han skulle, frå Handelslaget i Strandvik. Det var pinnekjøt av beste sort med eksemplarisk tilbehør. Raudbrus vart fylt kolsyreboblande i stettglas og det vart ete og drukke av hjartans lyst.