Fusa lagar til gullfest for OL- og VM-vinnaren

Fredag vert skøytehelt og OL-og VM-vinnar Håvard Holmefjord Lorentzen heidra på Fjord`n senter.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Fusa kommune, Fusa idrettsråd, Fjord’n senter og Håvard sin sponsor Bolaks. Det blir talar, helsingar, gullkake og høve for idrettsgale fusingar i alle aldrar til å møta ein av Noregs største idrettsprofilar.

Fusa har stolte tradisjonar i vinteridrett. I OL har det blitt fleire medaljar både individuelt og i stafett. Håvard Holmefjord Lorentzen er først til å ta gull individuelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sjølv om han korkje er født i Fusa eller busett her, har han så sterke band til Eikelandsosen og kommunen at det er naturleg for å oss å stella i stand ein liten folkefest, seier kulturleiar Erik Vangsnes.

- Vi håpar at fusingane nyttar høve til å møta vår nye idrettskjendis. Han er eit flott førebilete og ambassadør for idretten. Idrettslaga blir spesielt inviterte til samkoma.

jostein@osogfusa.no