Tek grep for å redusera rekordhøgt sjukefråvær
For første gong på meir enn ti år, har sjukefråværet i Os kommune bikka 10 prosent. No tek politikarane grep.
Same dag som kommunestyremøtet tysdag førre veke, hadde personalutvalet møte. Der var sjukefråvær eit sentralt tema.
I første tertialrapport for 2019 går det fram at sjukefråværet i Os har auka frå 8,9 prosent i 4. kvartal 2018 til 10,5 prosent i 1. kvartal 2019.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tertialrapporten uttrykkjer rådmannen uro for utviklinga.
– Eg les tertialrapporten med stor ro. Vi har god kontroll på situasjonen. Vi ser ut til å vera i balanse. Men rådmannen seier noko som eg og legg merke til, nemleg at sjukefråværet er bekymringsfullt, sa Ståle Skaatun (H) i kommunestyremøtet.
Skaatun er til liks med Laila Marie Reiertsen (Frp), Tone Hepsøe (Ap) og to tillitsvalde, medlem av personalutvalet.
– Vi har diskutert tala, gått litt i djupna og søkt å finna ut kva som ligg bak. Mange tenkjer at det er spesielle saker, men det ser ikkje slik ut. Av den grunn ønskjer personalutvalet at ein skal setja inn tiltak på avdelingar med urovekkjande høgt fråvær over tid. Det er ikkje sikkert det er noko gale, men vi må finna ut kva som ligg bak, og det hastar, la Skaatun til.
– Vi veit at det vert gjort mykje godt arbeid i einingane, sa Laila Marie Reiertsen (Frp).
– Men av og til treng vi kanskje å løfta oss litt. Vi treng å tenkja litt nytt, og ha andre fokusområde, sa Frp-politikaren og la fram følgjande forslag på vegner av eit samrøystes personalutval: Personalutvalet vedtek at avdelingar som har hatt sjukefråvær på 10% eller meir over tid (6 månader), skal ha bedriftshelsetenesta inn med rettleiing, kartlegging og rådgjeving. Tiltaket skal vera til hjelp for leiarar, tillitsvalde og verneombod i avdelinga.
– Leiarane i avdelingane har mange oppgåver. Når nokon er borte 100 prosent, prioriterer ein kanskje ikkje den tette dialogen heile tida. Eg synest det er verdt forsøket, sa ho.
For effektive?
Det høge sjukefråværet uroar fleire. Gisle Hesjedal (Ap) peika i sitt innlegg på at sjukefråværet for alle osingar er 6,4 prosent, og at fråværet har gått ned frå første tertial 2018 til første tertial 2019.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er med andre ord ikkje osingane som skil seg ut, men kommuneorganisasjonen, sa Hesjedal og konkluderte med at det ikkje er heilt usannsynleg at forklaringa finst i organisasjonen.
Hesjedal vedgjekk at ein er avhengig av å ha effektiv drift av kommunen. Samstundes peika han på at effektivisering som oftast betyr at færre tilsette må gjera ein større jobb.
– Det er ei grense for kor fort sjukepleiarane og heimesjukepleiarane kan springa, det er ei grense for kor mange familiar ein sakshandsamar i barnevernet kan følgja opp, det er ei grense for kor mange rapportar lærarane kan skriva kvar veke, det er ei grense for kor mange bygg ein vaktmeister kan vera innom i løpet av ein arbeidsdag, og det er ei grense for kor mange born ein barne- og ungdomsarbeidar kan trøysta samstundes. Sagt på ein annan måte, det er ei grense for når effektivisering faktisk verkar mot sin hensikt. Eg sit ikkje på fasiten, men eg lurer på om det høge sjukefråværet viser at vi kanskje har passert den grensa, meinte Ap-politikaren.
– Ingen kutt dei siste åra
Ordførar Terje Søviknes (Frp) var ikkje samd i Hesjedal si oppfatning av situasjonen. Slik ordføraren ser det, påkviler det ein kvar kommunepolitikar å heile tida søkja å drifta organisasjonen så effektivt som mogleg.
– Det finst alltid grensedragningar for kor effektivt ein kan driva, men vi må heile tida søkja løysingar som bidreg til at vi får brukt ressursane våre på ein best mogleg måte, det skuldar vi skattebetalarane og brukarane som vi skal yta tenester til, sa Søviknes.
Ordføraren la til at ein på grunn av relativ god økonomi, ikkje har hatt spesielt fokus på effektivisering og kutt i samband med budsjettprosessane dei siste åra.
– Vi har kunna vidareført dei rammene rådmannen har lagt opp til i budsjettframlegget. På enkelte område har vi til og med lagt på litt, sa Søviknes og undertstreka at effektivisering ikkje først og fremst handlar om å få tilsette til å springa fortare, men snarare om å automatisera arbeidsprosessar gjennom digitalisering slik at ein kan frigjera ressursar til direkte ytingar mot brukarane.
camilla.kvamme@osogfusa.no