Seier ikkje reint lite: Dette er kanskje det svakaste saksframlegget til arealpolitisk handsaming eg har sett som lokalpolitikar. Det seier ikkje reint lite.

Nei! Golfbanen er ikkje byggeland

Tvert imot er golfbanen faktisk matjord, og ein del av totalberedskapen i Noreg!

I saka som plan- bygg- og miljøutvalet har fått til handsaming har kommunedirektøren aktivt tilrådd å bryte med ei lang rekkje viktige vedtak og målsettingar, ved å gå inn for ei særs kontroversiell utbygging på golfbanen.

Forslaget er i strid med den overordna arealplanen (KDPA) som seier korleis areal i kommunen skal kunne nyttast. Til arealplan å vera, er denne særs fersk, etter å ha vore under arbeid i alt for mange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planen er vedteken med stort fleirtal i kommunestyret og er ei av dei viktigaste politiske føringane for kommunen. I staden for å retta seg etter planen, tilrår kommunedirektøren å bryta den.

Vi har klare nasjonale føringar for kor mykje matjord ein skal kunne bygge ned i landet, og vår kommune ligg allereie over vår “kvote” i denne valperioden. Kommunedirektøren tilrår å ignorera dette.

Det einaste som står om konsekvensar for landbruk er at “Dagens arealbruk er idrett/golf. Tiltaket vil ikkje påverka tilstøytande landbruksinteresser”.

Det ligg ingen kommentar frå landbrukskontoret til denne saka. Kommunedirektøren tilrår å bygge ned matjord ved å ikkje omtala at dette er matjord, og at naboane ikkje blir påverka.

Det vert argumentert med at dette er nær sentrum, noko som er riktig. Men det er likevel utanfor sentrumssonen i arealplanen. Byvekstavtalen har ifølge Statsforvaltaren opna for noko dårlegare vern av matjord innanfor slike fortettingsområde, men med motvekt at det skal vera sterkare vern utanfor fortettingsområde. Kommunedirektøren tilrår å bryta desse vilkåra.

Matjord skal ha sterkt vern, og det er ikkje utan grunn. Med uroa vi ser både i Europa og verda, og med kunnskapen om kor verdifull og sårbar matjord er, er det endå viktigare enn før at vi tar dette seriøst.

Ei fersk masteroppgåve (Ole Wilhelm Tomter Rød, 2024) i samfunnsgeografi ved Universitetet i Bergen tematiserer nettopp dårleg vern av matjord (og natur) i Bjørnafjorden kommune.

Kommunedirektøren sitt kronargument for å omgå alt dette ser ut til å vera følgande ordlyd: “I KDPA er det aller meste av arealet sett av til idrettsanlegg, som er eit underføremål av hovudføremålet bebyggelse og anlegg. Planane om bustadbygging kjem såleis ikkje i konflikt med LNF-føremål anna enn rundt to eksisterande bustader.“

Artikkelen held fram under annonsen.

Men kronargumentet er rett og slett ikkje riktig, for den gjeldande reguleringsplanen for golfbanen har eksplisitt omtalt at dette ikkje skal vera første steg til nedbygging, ein kan lesa i § 13: “Jordlova gjeld innanfor planområdet. Dersom golfdrifta på sikt opphøyrer, skal arealet gå tilbake til LNF-område ved rullering av kommuneplanen.”

Ut over dette har den ferske arealplanen ei juridisk bindande omsynssone (H510 landbruk) på golfbanen, omtalt med følgjande tekst: “Omsynssonene omfattar område som er vurdert som kjerneområde for landbruk. I desse områda skal landbruksverksemd og kulturlandskap prioriterast i eit langsiktig perspektiv, og oppstykking av jord og/eller tap av kulturlandskapet skal unngåast. Landbruksinteressene bør vektleggjast tungt ved handsaming av søknad om tiltak i LNF innanfor sona. Innanfor sona i LNF vert det ikkje tillate tiltak som kan forringe eller føre til driftsulemper for landbruket. Det kan utførast jordforbetringstiltak innanfor omsynsona. Der sona er kombinert med byggeformål skal matjord sikrast vidare brukt og relokerast slik at ein oppnår styrking av LNF-areal i sona.”

Denne omsynssona er omtalt i planprogrammet frå tiltakshavar, men ikkje omtalt i saksframlegget frå kommunedirektøren.

Dette er kanskje det svakaste saksframlegget til arealpolitisk handsaming eg har sett som lokalpolitikar. Det seier ikkje reint lite.

Å byggja på matjord er irreversibelt. Ingen kan dyrka noko der i framtida. Dette er tryggleiken vår.

Nils-Anders Nøttseter

Gruppeleiar Miljøpartiet Dei Grøne