Glatte vegar: Her frå ein svært glatt veg-dag på Fusa-sida i fjor vinter.

Fleire klager på glatt veg frå begge sider av fjorden

Vegtrafikksentralen har fått fleire telefonar onsdag morgon.

I 7-tida byrja meldingane å koma om glatt veg frå Hålandsdsdalen, Holdhus-området og Eikelandsosen.

Ein halvtime seinare fekk Vegtrafikksentralen også inn meldingar om glatt ved ved Lyse kloster, og seinare Søvik og vidare mot Drange.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Alle desse er fylkesvegar, fortel trafikkoperatør Marianne Hove.