Full stopp ved gangfelt: Politiet driv manuell dirigering
Bilen har stått midt i vegen sidan kl. 14.30.
Klokka 16 torsdag står det framleis ein bil midt i vegen ved avkøyrselen til Finnebrekka på Hatvikvegen.
Der har han stått sidan i alle fall klokka 14.30, då Os & Fusapostens journalist fekk merka at ferjekøen gjekk litt treigare enn normalt inn mot Osøyro frå Hatvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyrst kl. 15.45 vart politiet varsla, og ein patrulje vart då dirigert til staden.
— Det kan vera lurt å ringa politiet dersom ein bilstans fører til trafikale utfordringar, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord.
Patruljen er no på staden og driv manuell dirigering. Bilbergar er på veg, og Vegtrafikksentralen er tidlegare varsla.
Årsaka til at bilen står i ro, skal vera eit problem med hjulstillinga.