Bryt med krava: Kommunelova krev at eit kommunebudsjett skal vera realistisk, fullstendig og oversiktleg. Budsjettet som blei vedtatt bryt med alle desse tre krava.

«Derfor er budsjettet ulovleg»

Bjørnafjorden kommune treng politikarar som er modige nok til å ta dei naudsynte og ansvarlege grepa for å få økonomien under kontroll. I staden har vi fått ei rein ansvarsfråskriving; i form av eit ulovleg budsjett.

Bjørnafjorden SV og Bjørnafjorden MDG krev lovlegkontroll av budsjettet som fleirtalet (Frp, H, INP og KrF) vedtok før jul.

Kvifor bryt budsjettet lova?

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunelova krev at eit kommunebudsjett skal vera realistisk, fullstendig og oversiktleg. Budsjettet som blei vedtatt bryt med alle desse tre krava.

Les også
Meiner årets kommunebudsjett er ulovleg, og at sjølv politikarane slit med å forstå det

Urealistisk

Dei to største budsjettpostane vi har er helse-/omsorgssektoren og oppvekstsektoren. I fjor brukte begge meir enn budsjettert for å oppfylla lovpålagde tenester. Rammene deira er no kutta ytterlegare.

Med eit samla underskot på 150 millionar i fjor, er dette heilt urealistisk. Tillitsvalde, fagpersonar, pårørande og opposisjonen har alle varsla om det.

I praksis har ikkje sjukeheimen eller heimetenesta anna val enn å ta inn vikarar når folk er sjuke. Skulen og barnehagen må setja inn ekstra ressursar når elevar har krav på det. Det som burde ha vore inkludert i budsjettet, blir i staden eit meirforbruk som må takast frå ein bufferkonto som snart er tom.

Vi spør oss om fleirtalet veit kva det faktisk kostar å driva Bjørnafjorden kommune. Det er like urovekkjande anten svaret er ja eller nei.

Ufullstendig og uoversiktleg

Budsjettet finansierer ikkje dei lovpålagde tenestene, og det inneheld kutt som manglar forklaring eller konsekvensutgreiing. Einingane har ikkje eingong fått vurdera om kutta let seg gjennomføra.

Dermed får ikkje du som innbyggjar vite korleis endringane treff deg. Blir tenester som du eller dine kjære er avhengige av, ramma? Korleis blir bemanninga på skulen og i barnehagen? Skal vi leggja ned skular og legevakt likevel?

Korkje fleirtalet eller administrasjonen kan svara på desse spørsmåla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høyringsrunden blir eit spel for galleriet då. Frå eit lokaldemokratisk perspektiv er det djupt problematisk.

Dette er ikkje politisk usemje - det er brot på grunnleggjande lovkrav som er der for å verna innbyggjarane sine interesser. Difor krev vi no lovlegkontroll.

Asle Olsen

Gruppeleiar, Bjørnafjorden SV

Hege Bjørnør

Kommunestyrerepresentant Bjørnafjorden SV

Craig Russell Lundervik Bøthun

Lokallagsleiar Bjørnafjorden SV

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils-Anders Nøttseter

Gruppeleiar Bjørnafjorden MDG

Trine Hofsvik Strønen

Lokallagsleiar Bjørnafjorden MDG