God kontakt: Selina Sæle og Gunhild Halhjem har fått god kontakt. — Selina er nok ein liten favoritt for meg, vedgår 87-åringen.

– At Selina eller ein av kollegaene kjem hit kvar dag, betyr absolutt alt

Åleinebuande Gunhild Halhjem strålar når Selina Sæle kjem inn døra. — Praten betyr mykje meir enn stellet, slår 87-åringen fast.

Det er fredag kveld og Os & Fusaposten har fått lov til å vera med heimetenesta på kveldsvakt. Turen er med Selina Sæle frå Nore Neset. Trass sin unge alder, er 22 år gamle Sæle rutinert i heimetenesta.

— Eg har jobba i heimetenesta i Os i fire år. Dei siste åra har eg i tillegg utdanna meg til sjukepleiar. No har eg litt administrative oppgåver i tillegg til å køyra ut til brukarane våre, fortel Sæle.

Artikkelen held fram under annonsen.

På kveldsvaktene bruker det å vera kring 15 på vakt. Fleire av kollegaene til Selina har opp mot 15 dei skal besøka. Sjølv har ho berre fem denne kvelden.

— Gjer det sitt til at du får litt betre tid med kvar enkelt?

— Nei, dessverre så er det travelt. Det vanlege er at me er innom eit kvarter, fortel ho.

Lys i kvardagen

Selina har på førehand spurt ei eldre dame om det er greitt at lokalavisa er med på kveldens besøk. Det har Gunhild ikkje noko imot, men ho skvett litt til likevel når Selina har både journalist og filmfotograf på slep inn stovedøra.

— Dei lagar ein video om jobben min. Difor er dei to, fortel Selina.

Men om ho vert litt paff i starten, er det ikkje vanskeleg å sjå korleis Gunhild lyser opp av besøket.

— Ofte når ting er litt leit og tomt, tenkjer eg, ja ja, eg får no besøk av Selina eller ein av kollegaene hennar seinare i dag. Det blir hyggjeleg, seier Gunhild.

Stova ber framleis preg av høgtida me har lagt bak oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg har ikkje fått rydda bort enno. Eg har tre barneborn som får hjelpa meg litt med alle nissane. Dei skal på loftet, smiler ho.

Gjer godt: Det gjer godt å få smurt beina etter at støttestrømpa er av.

Sjølv om ho har mjølkeallergi og ikkje kan eta sjokolade, står det to store skåler med Twist på bordet.

— Sjå her, Selina! Eg har gøymt unna tre av lakris-bitane, seier ho med eit lurt smil.

— Du veit kva som er favoritten hennar?

— Sjølvsagt.

— Er Selina ein favoritt for deg?

— Selina er favoritten, ja. Ein gong eg hadde falle og slått meg, sat ho med meg her nesten ein time over vakta, berre for å halda meg med selskap. Ho er så god, den jenta, slår Gunhild fast.

— Kva er best, stellet, hjelpa eller praten?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Praten, heilt klart. Sjølv om det også er utruleg godt når Selina skifter støttestrømpene mine og smørjer med krem. Det er berre nydeleg, ler Gunhild.

Fantastiske familiar og naboar

Heimetenesta i Os har kring 80 årsverk totalt, men berre kring halvparten av desse er med i teamet som køyrer heim til brukarane i private heimar.

Leiar Kristin Haukeland kan ikkje få fullrost staben sin.

— Dette er oppofrande folk. Alle gjer så godt dei kan, uansett vêr.

Og apropos vêr. Snøvêret sist veke gav verkeleg utfordringar.

— Me er så takksame for all hjelp frå familie, naboar og andre som hjelper til. Sist veke var me totalt prisgjevne at folk bidrog. Folk moka, hjelpte tilsette som stod fast med bilen og gjorde det dei kunne. På den måten klarte me faktisk å koma rundt til alle, også på dei mest snøfylte dagane og kveldane, fortel Haukeland.

Tilbake i bilen med Selina understrekar 22-åringen at det å nå ut til alle som ventar besøk er høgt prioritert.

— Me gjer alt me kan, om me så må gå over tida for å koma ut til alle. Me veit godt kor viktig det, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Er det sårt å alltid ha dårleg tid?

— Me skulle ofte ønskt me hadde betre tid. Spesielt til det sosiale - å sitja ned og prata litt. Men slik er det berre, me må vidare, konstaterer Selina.