Vinterbryllaup: Martine og Kristian Orrebakken gifta seg i Os kyrkje.

Gifta seg i ull og uggs

Brureparet kunne knapt fått vakrare rammer rundt den store dagen.

Litt tungvint er det jo. Å gifta seg i fem gnistrande minusgrader med snø til midt på leggen.

Men Kristian (21) og Martine Orrebakken (23) er strålande nøgde med vinterbryllaupet i Os kyrkje sist laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi gadd ikkje venta til sommaren. Og så er jo snø veldig fint, seier den nygifte ektemannen.

Han fortel at han og Martine har bedt om snø i heile haust.

— Så der fekk vi jo bønesvar, kan du sei! Det kunne ha vore regn og dårleg vêr, men så vart det heilt eventyrleg fint.

Saueskinnsstøvlettar

Og heldigvis var kyrkja både god og varm då Martine spaserte opp midtgangen i pensko og ein ermelaus brudekjole.

Men før ho og Kristian gjekk ut på kyrkjetrappa for å ta imot hyllesten etter vigsla, gjorde ho det einaste rette og tok på seg ull-stillongs og uggs i saueskinn.

Held varmen: Med uggs, stillongs og strikkajakke held Martine Myhre varmen. Også ektemann Kristian Orrebakken har ull under smokingen.

Over kjolen hadde ho ei offwhite jakke i alpakka-ull. Strikka til den store dagen av sjølvaste farmor.

Også Kristian hadde budd seg godt, og tok på seg ull under smokingen alt frå morgonen av.

— Det var deilig, det. Eg gjekk ikkje rundt og sveitta heller.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vakkert: Kven har sagt at ein må gifta seg på sommaren, når vinteren kan vera så vakker?

Frå Os gjekk turen vidare til utandørs fotografering ved Gamlehaugen i Bergen, og deretter bryllaupsfest på Bønes.

I heile to timar heldt dei det gåande i minusgrader. Medbrakte varmeposar og fotvarmarar i skoa sytte for at dei heldt varmen sånn nokolunde.

— Det verste var dei glatte dresskoa. Vi skulle ta nokon «capture the moment»-bilete der vi sprang rundt i snøen. Då var det så vidt greidde å halda meg på beina. Broddar hadde nok vore lurt, blunkar han.

Frå si beste side: Gjestane fekk sjå Os frå si aller beste side sist laurdag.

Magisk

Uansett er det stas å vera gift. Ja, faktisk heilt magisk, meiner Kristian.

Dei siste dagane har det unge paret kost seg på ei mini-bryllaupsreise til Bird Box på Tysnes.

— Men der var det ikkje brøyta, så vi vassa i snø til knea for å koma oss fram. Så der fekk vi bønesvaret vårt midt i fleisen, seier han og ler.