— Ein lokal med traktor kom til staden og fekk køyretøyet opp på vegen
Stod fast i Rødsliane.
Ein førar i 40-åra enda opp med å køyra seg fast i Rødsliane laurdag formiddag. Mannen og kompanjongen hadde tung last med tre bilar på planet. Ifølgje politiet var dei i det minste korrekt “skodd”.
— Det var noko uklart om det var overlast, men undersøkingar viste at transporten var lovleg og at dei var skodde for forholda. Bilen blei følgt av patruljen til destinasjonen og dimittert der, skriv fungerande politioverbetjent Morten Haugland i ein e-post.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han skriv også at bilen kom seg på vegen takk vera lokale i området.
— Ein lokal med traktor kom til staden og hjelpte til med å få køyretøyet opp på vegen igjen.
Bil i betongblokk
Nokre timar tidlegare kom det melding om eit trafikkuhell i Hegglandsdalen. Klokka 07.30 skal politiet ha fått melding om at ein bil hadde sklidd av vegen ved Hegglandsdalsvegen.
— Bilen hadde treft ei betongblokk, men ingen skade på person eller andre gjenstandar. Bilbergar blei bestilt. Patruljen blei ikkje send ut på dette uhellet. Skal ha skjedd som følgje av vanskelege køyreforhold, skriv Haugland.