Mange uavhenta pakkar: Kommunikasjonsdirektør i Posten Bring, Kenneth Tjønndal Pettersen, oppmodar folk til å ta seg ein tur for å henta pakkane sine i romjula.

Over 13.000 har ikkje henta pakkane sine i Vestland. – Lurt å ta ein tur i romjula

3. juledag ligg det framleis mange pakkar klar til henting på Posten Bring sine hentestader.

På Posten Bring sine hente- og sendestader over heile landet finst det totalt 108.541 uavhenta pakkar. I Vestland er talet 13.866.

– Det er nok nokre forsinka julegåver som ligg att hos oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det seier kommunikasjonsdirektør i Posten Bring, Kenneth Tjønndal Pettersen, i ei pressemelding.

– Alle terminalane våre stod tomme før julaftan, men hos Post i Butikk og i pakkeboksane våre er det framleis ein del uavhenta pakkar som nokon ikkje rakk å henta før jula vart ringt inn, legg Pettersen til.

I vekene før jul handterte Posten Bring over to millionar pakker kvar einaste veke.

I tillegg til pakkane som varte leverte til betente hente- og sendestader, har Posten Bring sett ei stor auke i pakkar levert til dei over 2.100 stadene i Noreg med sjølvbetente pakkeboksar.

– Hentefristen er sju verkedagar. Har du moglegheit i romjula, er det lurt å ta ein tur for å henta pakkane dine. Post i Butikk har ope så lenge butikkane har ope, medan det i pakkeboksane er mogleg å henta til alle døgerets tider, så lenge du har Posten-appen, påpeikar kommunikasjonsdirektøren.