Full passasjer: Politiet skal ha blitt bedne om å hjelpa til med ein full passasjer natt til andre juledag.

Taxi melde om behov for assistanse

Trong hjelp med passasjer som skal ha fått for mykje å drikka.

Natt til torsdag fekk politiet melding frå ein taxi som trong hjelp til å handtera ein passasjer.

— Kunden var full og klarte ikkje å gjera greie for seg, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal ha ordna seg då politiet kom til staden.

— Han kvikna til og taxi-turen kunne halda fram heilt heim, skriv Birkeland i ein e-post.