Trailer står fast i Hålandsdalvegen
Ein trailer står fast i grøfta i Hålandsdalvegen. Det er glatt på vegen og bergingsbil er venta.
I 21-tid fredags kveld vart ein trailer ståande fast i Hålandsdalvegen like ved svingen på austre Tombre. Bilen køyrar med det som er merkt med farleg last og varselskilt er sett ut. Det er snø i området og vegen er glatt. Ein bergingsbil er bestilt.
– Bilen har ikkje køyrd langt ut i grøfta, men på veg opp bakken vart han ståande fast. Dette er ein plass der slike ting skjer frå tid til anna når det er glatt. Sjåføren er ved godt mot, rapporterer Mathilde Nonås til Os & Fusaposten.