Bråk i sentrum: I Os sentrum skal det ha vore bråk på ein utestad natt til søndag.

— Kan koma melding om vald retta mot tilsette

Det skal ha vore høg temperatur på ein utestad i sentrum i helga.

I ein e-post til avisa opplyser politioverbetjent Christine Grindstein om at det har kome inn melding om slagsmål ved ein utestad i Os sentrum.

Meldinga kom klokka 01.50 søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

— To menn i 20-åra blei gitt eit pålegg og vist bort frå sentrum. Ingen skal vera alvorleg skada som følgje av hendinga. Det kan koma melding frå utestaden om vald retta mot tilsette der, opplyser Grindstein.

Bråk mellom ungdomar

Berre fem minutt før denne meldinga kom, skal det ha vore bråk i Kuvågvegen. Meldinga til politiet skal ha gått på at det var ein ungdomsgjeng der, og at det blei krangla høglydt.

— Det skal ha blitt observert tilløp til slåstkamp. Politiet drog til staden, men då var ungdomane gått frå staden der dei blei observert, skriv Grindstein.

Politiet kom over nokre ungdomar i nærleiken, men ingen av dei var skadd, eller sa seg involverte i basketak, ifølgje Grindstein.