Det vart ikkje semifinale på den norske dobbelfiraren. I morgon skal dei ut i C-finale.
Det vart ikkje semifinale på den norske dobbelfiraren. I morgon skal dei ut i C-finale.

Semifinaleplassen rauk

Den norske dobbelfiraren har i dag rodd oppsamlingsheat. Diverre nådde dei ikkje opp i kampen om semifinalebiletten.

Arne Hadler-Olsen og lagkameratane klarte ikkje å ta seg direkte til semifinale i U23-VM i Plovdiv i går. Dei klarte heller ikkje å ta seg til semifinalen i oppsamlingsheatet i dag.

- Nivået er knallhardt, og med tekniske utfordringer var dei i realiteten sjanselause. I morgon skal dei ro C-finale, seier Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

C-finalen avgjer plasseringane frå 13-18. plass.