NRK: Søviknes lovar kamp mot “blindtarmen” i norsk forvalting
Meiner det er tilstrekkeleg med to forvaltingsnivå i Noreg - stat og kommune.
Høgre og Frp vil redusera byråkratiet i norsk forvalting. I ei sak på NRK.no i dag, kjem det fram at dersom dei to partia får fleirtal ved stortingsvalet neste år, vil dei jobba for å leggja ned fylkeskommunen.
— Å leggja ned fylkeskommunen er det største og mest effektfulle tiltaket vi kan gjera for å redusera byråkratiet, seier Terje Søviknes (Frp) til NRK.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det ligg an til at dei to partia får fleirtal ved valet neste år. Då lovar Søviknes kamp mot “blindtarmen” i norsk forvalting.
— Om dagens meiningsmålingar blir ein realitet 8. september neste år, vert avvikling av fylkeskommunen ei viktig sak, seier han til NRK.
Frp og Høgre meiner at større kommunar bør ta over dei fylkeskommunale oppgåvene.
Det er i saka til NRK lista opp korleis dei to partia vil avhenda dei fylkeskommunale hovudoppgåvene:
* Vidaregåande skular kan overtakast av kommunane, eller organiserast gjennom interkommunale samarbeid.
* Fylkesvegane kan fordelast til stat og kommunane basert på om dette er ein overordna fylkesveg eller ein lokalveg i kommunen.
* Kollektivtrafikken er i dag organisert som eigne einingar i dei ulike fylka, og kan omdannast til aksjeselskap med kommunane som eigarar.
* Tannhelse kan fordelast på primær- og spesialisthelsetenesta etter modell av dei andre helsetenestene.