Fleire ønske: Hege Varhaug-Lekven og Stine Kobbeltvedt har alt fått inn fleire ønske til årets Hjartetre-prosjekt.

Frivilligsentralane lyser opp jula for dei som treng det litt ekstra

— Me har utvida Hjartetre-prosjektet. I år er det to stader du kan bidra med gåver eller opplevingspakkar.

Det fortel Stine Kobbeltvedt og Hege Varhaug-Lekven i Os Frivilligsentral.

I fjor kunne dei gle seg over eit stort engasjement for å oppfylla eit julegåveønske for barn og unge mellom 0-18 år. Resultatet var så bra, at sentralen gjentar opplegget i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var veldig mange som bidrog i fjor. Totalt fekk 301 barn og unge julegåver. I tillegg fekk 288 personar eller familiar bidrag til mat og andre julerelaterte varer, fortel Kobbeltvedt.

I lag med kollega Varhaug-Lekven har ho i år gjort sitt for at endå fleire skal kunna bidra til prosjektet.

— I fjor hadde me to tre — eitt på AMFI Os og eitt i Fjord’n senter. I år har me også plassert eitt på Kuli-kafeen i Os sentrum. På den måten håpar me at endå fleire får med seg tiltaket og vil bidra, seier Kobbeltvedt.

Slik ser korta på trea ut: Om du vil bidra, går du inn i ein butikk, kjøper det som står på hjartekortet og set frå deg pakken i butikken, så kjem frivilligsentralen og hentar i etterkant.

Enkel måte å hjelpa på

Det er fleire som gjer sitt for å hjelpa vanskelegstilte i jula. Os Frivilligsentral samarbeider tett med einingar i Bjørnafjorden kommune, enkeltpersonar, organisasjonar og lag.

— Konseptet er enkelt. På hjartetreet på Amfi Os heng det lappar med gåveønske. Her kan du plukka ned eit valfritt hjarte og kjøpa det som står på lappen. Gåva leverer du i same butikk som du har handla, så kjem me og hentar alle pakkane, fortel Kobbeltvedt og Varhaug-Lekven.

Ho presiserer at julegåvene er for born i alderen 0-18 år.

På juletreet på Kuli-kafeen kan du i staden for å kjøpa ei julegåve, bidra til mat eller ei oppleving for ein familie.

— Opplevingspakken kan vera ein kinotur, billettar til Oseana, eit restaurantbesøk eller liknande. Det er mange som slit med å få råd til den typen kos, så slike bidrag er kjærkomne, seier Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Om du ønskjer å ta imot bidrag frå Hjartetre-prosjektet, må du melda frå til oss innan 1. desember, minner Kobbeltvedt om.

På Fusa-sida: Leiar i Fusa Frivilligsentral Linda Cecilie Reigstad Matland, fortel at dei har planane klare for Hjartetre-prosjektet også på Fusa-sida.

Startar 30. november

Om du har lyst til å bidra, må du etter kvart vera om deg. Hjartetreet står framme på AMFI Os og Kafé Kuli fram til måndag 9. desember.

— Tida går fort. For at me skal rekkja å samla inn alle gåvene og fordela dei innan julaftan, må me setja ein sluttdato litt tidleg i desember, seier Kobbeltvedt.

På Fusa-sida av kommunen er Fusa frivilligsentral godt i gang med arbeidet, men treet med hjartelappane på, kjem ikkje opp før opninga av julegata i senteret laurdag 30. november.

— Fram til dess kan alle som ønskjer hjelp til julegåver, kontakta oss i frivilligsentralen. I fjor hjelpte me 40 born med julegåver. Håpet er at me kan hjelpa endå fleire i år, seier Linda Cecilie Reigstad Matland i Fusa frivilligsentral.

Treet vil stå på Fjord'n senter fram til og med tysdag 10. desember.

— Då må me samla inn gåvene for å rekkja å få dei ut til julaftan, seier Matland.

Ho presiserer at også på Fusa-sida er det mogleg å bidra på fleire måtar, ved å kjøpa matgåver i butikkane eller ved å vippsa til sentralen.