Vegtrafikksentralen oppdaga kollisjon på E39: — Bildelar og eit kjennemerke låg på staden
Skal ha skjedd i Endalausmarka.
Laurdag klokka 09.30 fekk politiet melding frå Vegtrafikksentralen om at dei hadde oppdaga at ein bil hadde kollidert med autovernet på E39.
Politibetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Sindre Hallem, opplyser at hendinga skal ha funnen stad i Endalausmarka, mellom Skogafjells- og Lyshorntunnelen.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Bildelar og eit kjennemerke låg att på staden. Bilen var borte. Førar av bilen har ikkje meldt ulukka til politiet, skriv Hallem i ein e-post.
Vidare skriv han at politiet har registreringsnummeret og vil følgja opp med bileigar.