Traktorbrann: Eigaren skal ha prøvd å sløkkja brannen med pulverapparat før han kontakta brannvesenet.

Brann i traktor: Ein person har fått i seg noko røyk

Politi og brannvesen er på staden.

Like før klokka 11 melder brannvesenet at dei har begynt sløkkjing av ein traktorbrann i Ådlandsvegen i Holmefjord. Det skal ikkje vera fare for spreiing.

Traktorføraren skal ha fått i seg noko røyk, og ambulansen er varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det rauk frå traktoren då brannmannskapet kom fram. Han var likevel ikkje overtend, så det er framleis mykje traktor igjen, seier vaktkommandør Dan Inge Gjesdal på 110-sentralen.

Traktoreigaren skal ha prøvd å sløkkja brannen med pulverapparat, utan å lukkast. Han melde sjølv frå om brannen.

Traktorbrann: Ein person skal ha fått i seg noko røyk.

I fylgje Vest politidistrikts Politiloggen kom meldinga til dei kl. 10.34.

— Årsaka til brannen er heilt ukjend for oss, seier Gjesdal.

Bjørnafjorden brann og redning avd. Eikelandsosen er ute på oppdrag.