— Mistanke om at brannen var påsett
Politiet har oppretta sak etter at det tok fyr i kjellaren på Fusatun.
Fredag i 16-tida vart meldt om brann i Fusatun på Fusa. Politiet var fyrste naudetat på staden og melde raskt brannen sløkt.
Heile bygget var då evakuert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bjørnafjorden brann og redning kom fram ikkje lenge etter. Då var det mykje røyk i bygget, og dei valde difor å senda inn røykdykkarar.
Ingen skal ha kome til skade i hendinga.
Vaktleiar Arne Rødberg ved Bjørnafjorden brann og redning opplyser til Os & Fusaposten at brannen skal ha oppstått i noko papir midt i eit betongrom ved kjellarinngangen.
— Det er mistanke om at brannen er påsett, og politiet har oppretta sak, seier politibetjent Kjartan Svendsen.
Bygget er no ferdig ventilert, og brannmannskapa har returnert til stasjonen i Eikelandsosen.
Då Os & Fusaposten ringer Spar Fusa i 17-tida, er det naturleg nok svært hektisk.
— Eg har ikkje tid til å snakka med deg no, er svaret vi får.