Fekk 200.000: To mottakarar fekk tildelt 200.000 kvar under Bjørnafjorden-konferansen fredag.

Utdeling av Fjordfondet: Desse to fekk 200.000 kroner kvar

Utdelinga fann stad på fredagens Bjørnafjorden-konferanse.

Fjordfondet forvaltar gåvemidlar frå Sparebanken Vest. Midlane skal nyttast til næringsutvikling i Bjørnafjorden kommune.

– Midlane vert tildelte prosjekt som skaper vekst i verksemda eller organisasjonen, og som bidreg til næringsutvikling gjennom nyskapande aktivitetar eller gode omstillingstiltak, går det fram av Bjørnafjorden næringsråd si nettside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Juryen har bestått av Solfrid Ørnes, Leif Gunnar Borgen, Alexander Ulseth Grener, Bjarte Falkanger og Benjamin Norenes, som representerer næringsrådet og Sparebanken Vest, og på Bjørnafjordkonferansen fredag vart vinnarane lanserte.

– Det er femte gang vi deler ut Fjordfondet, og vi ser at fondet fungerer som ein motivasjonsboost for mottakarane. Logidbud, som var blant mottakarane i fjor, er no klare med eit produkt og kan skriva kontrakt med dei første kundane i desse dagar, sa banksjef i Sparebanken Vest Bjørnafjorden, Benjamin Norenes, før han avslørte årets vinnarar.

Fekk 200.000: To mottakarar fekk tildelt 200.000 kvar under Bjørnafjorden-konferansen fredag.

Dei to som mottek 200.000 kvar er:

Pipehat (Kjetil Engelsen)

Marita Haugland (til utvikling av hudprodukt for folk med hudplager).

– Tildelinga betyr utruleg mykje for meg. Eg har sjølv hatt psoriasis i 22 år, men har ikkje klart å finna eit produkt som hjelper, sa Haugland som samarbeider med Elements Productions i utviklinga av produktet.

– Med pengane frå Fjordfondet kan prosessen gå fortare enn om eg skulle gjort det heilt på eiga hand. Eg gler meg til framhaldet, sa ho.

I fjor vart det delt ut 300.000 kroner fordelt på tre ulike verksemder.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år var potten altså auka til 600.000 kroner og kvart prosjekt kunne få inntil 200.000 kroner kvar.

Eigentleg skulle det delast ut 200.000 kroner til, men då vedkomande valde å gjennomføra prosjektet i annan kommune, vert desse midlane overførte til neste års utdeling.

Fjorårets utdeling: Dei som trekte dei lengste stråa i fjor var Stølen i Strandvik (f. v.), Logibud AS og Tønnegarden.
Tidlegare mottakarar av Fjordfondet

Vinnarar i 2023:

• Stølen i Strandvik v/Jovana & Simon Wolff.

• Logibud AS v/Benjamin Bruarøy.

• Tønnegarden v/Oddvar Gangstø.

Vinnarar i 2022:

• Dalahagen v/Elise Kolle.

• Spotten AS v/Kenneth Josepth.

• Aarvik Gard / Fru Aarvik v/Ranjeeta Styve Aarvik.

Vinnarar i 2021:

• Aquabio AS v/Berit Lunde Heltne.

• Eidegrend v/Lisbeth Eide.

• Oselvarverkstaden v/Vidar Langeland.

Vinnarar i 2020:

• Ljoma (Kpluss AS) v/Kåre Mongstad

• Huug Home AS v/Kristian Notland Harnes

• Siw – Raw Food v/Siw Bugge Gjerdevik Kolstad

• Skaparstovo v/Daniel Klafstad