Ikkje var han edru, ikkje hadde han lappen, og ikkje heldt han fartsgrensa
Mannen i 40-åra vart stoppa i Lysefjorden.
Tysdag ettermiddag vart ein bil i Lysefjorden stoppa og kontrollert av ein patrulje frå UP.
Snittfarten vart målt til 100 km/t i 80-sona, og kontrollen avdekka i tillegg at føraren ikkje hadde gyldig førarkort. Edru var han heller ikkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Dermed vart han teken med til legevakt for prøver, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein epost.
Mannen vert meld.
Butikktjuveri
Tysdag kveld fekk politiet melding om to personar som hadde stole frå ein butikk på Amfi Os.
Patruljen reiste til staden, men dei aktuelle hadde truleg alt reist derfrå.
— Vi har henta inn opplysningar som tilseier at vi truleg veit kven dette er.
Rev
Like etter kl 21 vart det meldt om ein påkøyrd rev i Byvegen ved Banktjørna.
Vegtrafikksentralen vart varslet slik at reven etter kvart vart overlevert til entreprenør.