– Køyrde stolen båt. Fortalde at han måtte svømma til land
Det er oppretta sak etter ei hending natt til søndag.
Kring klokka 3 natt til søndag skal ein ung mann ha dukka opp på døra til meldar i området Sundøytangen.
Politioverbetjent Anne Lyssand skriv i ein e-post at den unge mannen var våt og lei seg, og at han skal ha sagt at han hadde køyrd ein båt på land rett nedanfor huset til meldar.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Politiet var på staden. Mannen hadde tatt båten frå ein annan og køyrd i rusa tilstand og mista kontroll over båten. Mannen hadde ikkje heilt oversikt over kva som eigentleg hadde skjedd, men han sa at han hadde svømt til land, etter å ha køyrd frå Hagavik til Sundøytangen, hevdar Lyssand.
Den mistenkte båtføraren skal ha blitt køyrd til legevakta for blodprøve og nærmare helsesjekk, og så vidare til Haukeland Universitetssjukehus. Skadeomfanget skal ikkje vera nemnd i loggen til politiet.
— Det blei gjort søk etter båten — ikkje funnen. Eigar blei kontakta og han hadde meld båten sakna. Sak oppretta, skriv Lyssand.