Fredrik Schmidt Fotland er tildelt gründerpris: — Det har vore mykje sveitte, blod og tårer
— Denne prisen er sjølvsagt ei stor fjør i hatten for oss.
51-åringen får prisen for utviklinga av eit fleksibelt prosessanlegg som omgjer matavfall til næringsrik jord og gjødsel.
På heimesida til selskapet hans, Wastech AS, står det å lesa at me kastar meir enn 30 prosent av all maten som vert produsert og at kvaliteten på det globale jordsmonnet er hurtig fallande. Vidare vert det konstatert at Wastech er eit motstykke til dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gründeren frå Strandvik, no busett i Lysefjorden, har jobba hardt for å koma dit han er i dag.
— Det har vore mykje sveitte, blod og tårer, men no byrjar me å få betalt for innsatsen. Denne prisen er sjølvsagt ei stor fjør i hatten for oss, seier Fotland.
Dette er Wastech AS
Wastech AS har utvikla ein sirkulær fermenteringsprosess som omdannar matavfall til verdifull flytande gjødsel og næringsrikt jordforbetringsmiddel som bidrar til bevaring av matjord. Teknologien krev ikkje kjemikaliar eller energikrevende oppvarming, og reduserer transportbehov ved å etablere produksjon i skala tilpasset lokale behov. Løysinga har internasjonalt potensial, og testast nå ut i med ulike kundar og samarbeidspartnarar.
Gedigen konferanse
51-åringen er denne veka på den store årskonferansen på The Cube på Gardermoen utanfor Oslo.
— Her er heile avfallsbransjen samla. Totalt er me langt fleire enn 1.000 som deltek, fortel han.
Sjølve prisen tok han imot tidlegare denne veka.
— Kva betyr det å få Sirk Norge, tidlegare, Avfall Norge, sin gründerpris for 2024?
— For oss er det sjølvsagt stort. Det viser at juryen ser at me verkeleg har noko å fara med. Samstundes er det naturleg nok god PR for oss, seier Fotland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er per i dag ein av totalt seks tilsette i Wastech. Om kort tid opnar dei sin første fabrikk.
— Me opnar ein 600 kvm stor fabrikk i Øygarden i løpet av oktober. Der skal me kvar månad produsera 30 tonn med jord og gjødsel av mat-avfall.
Jorda og gjødsla sel dei til ulike forhandlarar.
— Me har avtale med fleire store kjeder. I tillegg skal me byrja å produsera små jordposar med frø i som idrettslag i Bergen skal selja i tida som kjem. I staden for å selja dorullar eller anna, kan dei selja noko som kan spira i vindaugsposten.