Ta ansvar: – Frp og Høgre, Terje Søviknes og Marie Bruarøy: Det er på tide å ta det ansvaret de har for å sikra framtida til våre barn!

Skulekvardagen i Bjørnafjorden: Frp og Høgre må ta ansvar no

Barn og unge har stadig meir komplekse og krevjande hjelpebehov. Frp og Høgre svarar med å kutte i skulebudsjetta. SV meiner dei borgarlege partia har ansvaret for at barn og unge ikkje får den starten på livet dei fortener.

Barna våre fortener ein trygg og god skulekvardag. Dessverre har vi fått fleire bevis på at det ikkje er stoda over alt i dag. Mengda mobbing aukar, dei som blir mobba får ikkje den hjelpa dei skal ha, lærarnorma blir ikkje oppfylt på alle skulane, for å nemna nokre av utfordringane.

Kommunalsjefen har gått ut og sagt at drifta ikkje er forsvarleg. Det er vanskeleg å sjå for seg ein sterkare offentleg kritikk av budsjettet frå fagfolka!

Artikkelen held fram under annonsen.

Frp og Høgre, som har vedtatt budsjettet, skuldar på staten. Om ein verkeleg hadde prøvd alt og snudd på kvar krone, hadde det vore ein forståeleg reaksjon.

SV er heilt einige i at kommunane må få meir pengar frå staten. Vi meiner dei rikaste skal bidra meir til betre tenester i kommunane på landsbasis, samstundes som dei med heilt vanlege inntekter skal få lågare skatt. Då blir det enklare for folk å få økonomien til å gå i balanse. Spesielt no i dyrtida meiner vi det er riktig politikk for å løysa dei store utfordringane både hushalda og kommunane står i.

Samstundes må eg understreka: Det fritek på ingen måte Høgre og Frp frå det ansvaret dei har for å gje barn i Bjørnafjorden kommune ein best mogeleg start på livet, her og no!

Ansvarsfråskriving

Dette er nemleg den store, logiske bresten til høgresida: Behova våre endrar seg og utfordringane kommunen står ovanfor blir meir og meir komplekse. Dei vil bruka mindre pengar på helse, omsorg og oppvekst, ikkje meir.

Når behovet aukar, er svaret til dei mørkeblå alltid å skjera ned. Blir det fleire eldre og demente? Då meiner dei vi skal ha færre tilsette i eldreomsorga.

Får barn og unge meir komplekse og krevjande hjelpebehov? Høgre og Frp svarar med å kutta i skulebudsjettet og ha færre vaksne støttespelarar rundt barna.

Når kommunalsjefen slår fast at skulebudsjettet vårt er for lite til forsvarleg drift, betyr det med reine ord: No er det slett ikkje alle som får den hjelpa dei har behov for i sin skulekvardag. Nokon må lida for elendig og usosial budsjettering.

Forslag om forsvarleg budsjett nedstemt

I staden for å gjera noko med dei uforsvarlege tenestene, har Frp og Høgre vald å gjera vondt verre. I nesten kvart einaste møte i formannskapet har vi blitt fortalt at meirforbruket innan oppvekst, helse og omsorg er heilt nødvendig for å kunna levera forsvarlege tenester. Likevel vedtok dei to partia i mai tiltak for å redusera meirforbruket og strammare budsjettdisiplin i heile organisasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Altså: Skular, barnehagar og sjukeheim må slutta å bruka meir enn budsjettert — sjølv om det er nødvendig for å levera forsvarlege tenester. Forstå det den som kan.

SV foreslo i same møte å senda eit signal til rektorar og avdelingsleiarar om at det er bra at dei bruker sin faglege kunnskap til å vurdera kva pengebruk som er nødvendig for å levera lovpålagde tenester. I tillegg foreslo vi å gje et signal til kommunedirektøren om at dei økonomiske rammene til sektorane måtte vera på eit forsvarleg nivå neste år.

Dette kunne ikkje Frp og Høgre støtta. Dei synest tydelegvis det er radikalt å foreslå.

Ta ansvar

Kvart år sidan Bjørnafjorden kommune blei danna har SV åtvara mot at kutta i tenestene ville føra til uforsvarleg drift. Kvart einaste budsjettforslag frå SV har gitt meir pengar til skulane. Vi har foreslått å øyremerka pengar til miljøarbeidarar, nettopp for å førebyggja den aukande mobbinga. Det kan ikkje overraske nokon at vi har enda opp der vi no står.

Ansvarlege politikarar i dei aller, aller fleste kommunar i landet nyttar eigedomsskatt for å finansiera skule og helse.

No må Bjørnafjorden Frp og Bjørnafjorden Høgre snart innsjå realitetane, dei òg. Dei fører ein politikk som rammar barn og unge i kommunen vår.

Frp og Høgre, Terje Søviknes og Marie Bruarøy: Det er på tide å ta det ansvaret de har for å sikra framtida til våre barn!

Asle Olsen

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden SV