August 2024: Mykje talar for at me kan seia ha det til sommaren for denne gong.

Er det adjø til sommaren? Styrer mot ein av dei mest solfattige august-månadene i manns minne

I 1989 var det registrert fattige 55 soltimar i august i og rundt Bergen. Årets august er ikkje særleg mykje betre.

Vêrutsiktene framover er mildt sagt lite solfylte.

— Det er ikkje mykje teikn til sol på langtidsvarselet, dessverre. Faktisk er morgondagen (onsdag) den dagen det ser minst tungt ut. Då kan det vera håp for nokre solglimt. Elles er det mykje lågtrykk framover, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste ti åra er det 2016 som peikar seg ut som året med færrast soltimar i bergensområdet. Då hadde me 121 timar. Mykje tyder på at årets august blir fattigare. Per no har me notert 77 soltimar, og utsiktene gjev ikkje håp om særleg mange fleire.

Ser ikkje enden

Mange har klaga sin naud over sommaren. Isolert ser august ut til å bli den verste. Per dags dato har det falle 220 mm regn denne månaden. Dei ni neste dagane er det meldt minimum 101 mm. Dermed nærmar ein seg stygt regnrekorden frå august 2019. Då fekk me 399 mm regn i bergensområdet.

— Eg er redd det ikkje er teikn til at årets august blir hugsa for sol. På våre prognosar kan me per no ikkje sjå enden på lågtrykket som kjem inn. Det mest positive eg kan seia, er at det stundom vert litt skiftande framover. Så får me håpa at me får litt solglimt innimellom, seier Andersen.