Arbeidsulukke i Søre Øyane. Person køyrt til Haukeland
Politiet er på staden og gjer undersøkingar.
Det går fram av ei melding frå Vest politidistrikt.
– Politiet er på veg til Søre Øyane i lag med ambulanse. Det er truleg snakk om eit fall, heiter det i meldinga som vart lagt ut klokka 11.22.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eitt kvarter seinare vert det opplyst at politiet er på staden og gjer undersøkingar.
– Bekrefta fallulukke. Vedkomande er vaken og bevisst og teken med til Haukeland i ambulanse, skriv politiet.
Like før klokka 12 avslutta politiet på staden.
– Det vert oppretta sak på arbeidsulukke. Fall frå lasterampe. Ulukka skal ha skjedd i samband med avlasting, vert det opplyst.