Stengt: Frå neste veke vert Ole Bulls veg stengt frå måndag til torsdag. Årsaka er sprengingsarbeid på den nye fylkesvegen frå Åsen til Helleskaret.

Stengjer Ole Bulls veg i samband med sprengingsarbeid

Stenginga skuldast pågåande anleggsarbeid på FV 5156 Åsen–Helleskaret.

Det går fram av ei melding på Bjørnafjorden kommune si nettside.

Som følgje av arbeidet vil heile Ole Bulls veg verta stengt for trafikk i følgjande tidsrom i veke 33 til 36 (12. august – 5. september):

Artikkelen held fram under annonsen.

Måndag klokka 10 til torsdag klokka 16.

Vidare vert det opplyst at Drangsvegen og Søvikvegen vert stengt i korte periodar i vekedagane måndag til torsdag ved Helleskaret.

Les også
For eitt år sidan vart kontrakten signert. No ser det slik ut langs traseen mellom Åsen og Helleskaret
Les også
Planlegg 600–1.000 nye bustader like ved ny fylkesveg
Stengt: Frå neste veke vert Ole Bulls veg stengt frå måndag til torsdag. Årsaka er sprengingsarbeid på den nye fylkesvegen frå Åsen til Helleskaret.