Ta ein sjekk: Politioverbetjent Atle Birkeland (t.h.) bed folk sjekka båtane og nausta sine etter meldingar om tjuveri i området kring oss den siste tida.

Tjuveri frå naust og båtar

Politiet bed folk vera merksame.

Politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Atle Birkeland, opplyser om at det har vore litt tjuveri frå naust og båtar i “området kring oss”.

— Seinast på Austevoll i går. Det er sikkert ein del som er borte på ferie, men for dei som er heime, kan det difor vera greitt å oppmoda om å følgja med litt. Sjekk båt og naust, og sjå gjerne over til naboen også, skriv Birkeland i ein e-post.