Lokale lag: Os & Fusaposten skal senda alle kampane med lokale lag som vert gjort tilgjengelege for oss.

Norway Cup: Os & Fusaposten sender kampar direkte

Søndag startar verdas største fotballturnering for barn og unge i Oslo. Os & Fusaposten sender fleire kampar direkte.

I samarbeid med Amedia og Norway Cup-arrangør Bækkelaget SK, vil Polaris Medias mediehus senda fleire hundre kampar frå verdas største fotballturnering for barn og unge.

Os & Fusaposten skal senda alle kampane med lokale lag som vert gjort tilgjengelege for oss. Kampane kan du sjå på osogfusa.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os Fotball stiller med 11 lag i årets turnering. Nore Neset IL/Os har to lag og Nore Neset IL eitt som skal til hovudstaden.

Så langt er Os & Fusaposten 'tildelt' seks TV-kampar med våre lag.

Sjå sendeskjema nedst i saka og blink deg ut dine lag:) Ps: Vi lagar eigne saker på osogfusa.no med link til sendinga før kvar kamp. Kampane vert også lagt ut i opptak.

På osogfusa.no vil me i tillegg ha ein eigen kanal som viser utvalde kampar, høgdepunkt og intervju gjennom heile døgnet.

Les også
Os Turn gjer nok ein gong eit stort inntog på Norway Cup

– Vi er veldig glade for å kunna gje dette tilbodet til våre mediehus slik at dei kan visa lokale lag i aksjon i denne store turneringa, seier prosjektleiar Stig Vågnes.

Dei er 85 personar som jobbar med Norway Cup-sendingane frå Ekebergsletta og totalt skal det sendast 700 kampar.

Os & Fusaposten vil også senda kampar frå finalespelet dersom lokale lag tek seg vidare og desse kampane vert tilgjengelege. Meir informasjon om tidspunkt for desse kampane kjem etterkvart som dette vert klart.

Sendeskjema gruppespel:

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag 12:00 J17-19 Os - Vålerenga

Søndag 13:15 G19 Os 1 - Orion Sporting

Søndag 19:00 G15 Os 1 - Træff (utsett grunna verforholda)

Tirsdag 09:00 G15 Os 2 - Nesodden

Tirsdag 11:00 G19 Os 1 - Hasle-Løren

Tirsdag 11:00 G17 Os - Mjøndalen

Ps: Det er desverre ikkje alle lag frå Bjørnafjorden som så langt har fått TV-tid i oppsettet Os & Fusaposten har tilgang til gjennom samarbeidet med Polaris Media. Vi håpar at me gjennom sluttspelet får tilgang til flest mogleg lag frå vår kommune, og at det då vårt vert høve til å sjå lag frå Nore Neset IL også.

Det er Amedia og Polaris Media som har rettane til å visa Norway Cup fram til og med 2026. TV-kampane er med lag frå aldersklasse 15 år og oppover (jf NIFs retningslinjer, Datatilsynet- og Presseorganisasjonenes eigne retningslinjer. Alle lag kan reservera seg mot streaming heilt opp til kampstart).