Funn ved Hatvikvegen: Gullklokka blei funnen på fortauet rett ved Bjørnafjorden Hotell.

Fann gullklokke på fortau: — Truleg av stor verdi for eigaren

Ein finnar ser etter klokke-eigar.

Søndag formiddag gjekk eit par på tur i området ved Bjørnafjorden Hotell, langs Hatvikvegen. På fortauet kom dei over ei gullklokke.

— Eg reknar med at det er ei eldre kvinne si klokke. Vi tok med oss gullklokka og såg på folka vi møtte, om det var nokon som såg fortvila ut. Klokka er truleg av stor verdig for eigaren, fortel lesaren, som ikkje ønskjer noko fokus på seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kartutsnitt: Her blei klokka funne. På motsett side av golfbanen på Hauge, ved Bjørnafjorden Hotell & Konferanse.

Ingen langs vegen bar preg av å ha mista noko av stor verdi, og sidan har paret lurt på kva dei skal gjera med klokka.

— Det må vera fortvilande å mista noko som dette. Vi håpar at nokon vil melda seg.

OPPDATERT: Eigaren er funnen! Sjå saka i vindauget over.