Går straks i gang: I fjor var landsskyttarstemmnet på Voss. I år reiser lokale skyttarar til Steinkjer.

Oppkøyringa til Landsskyttarstemnet er i gang

I helga startar stemneoppkøyringa for dei medlemmane frå Os skyttarlag som skal vidare til Landsskyttarstemne i Steinkjer.

Landsskyttarstemnet startar allereie førstkommande helg 20. juli, i år grunna nokre leikar med fem ringar som startar i Paris litt seinare i sommar.

Mange av medlemmane har skote mange stemner i heile sommar, mens andre kjenner på LS-suget og dreg i gang litt seinare i sesongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os skyttarlag stiller med 25 deltakarar på landsskyttarstemnet. Den yngste stiller i Nybyrjar/ungdom-klassa og den eldste er i klasse V73 (eldre enn 73 år).

I fjor hadde Os skyttarlag 69 deltakarar, då Landsskyttarstemnet vart arrangert på Voss.

I helga vart da arrangert fleire større stemner i Sør-Noreg, då hovudsakleg i Hallingdalen- og Dokka-området.

Her vart det skote mange gode seriar og eg kan nemna blant andre Adelheid Røttingen Møller og Daniel Myklebust Fjellstad i klasse Eldre junior (18-19 år) som begge hadde gode nasjonale toppresultat.

Begge ligg på topp 10 lista (Norgestoppen) med svært gode baneresultat i år i deira klasse. Dei skyt vaksenprogram, men på 100 meter, som er ein “bli kjend”-klasse med seniorprogramma som dei allereie startar i til neste år.

Iselin Eide Ure i klasse junior og Ingrid Marie Eide i klasse Eldre rekrutt, har også skote frå seg i Hallingdalen, også dei leverte. Amalie Evensen som skyt i senior-klassa har også etter litt testing funne storforma.

Dei andre ungdommane våre har trena heime på Ulven før avreisa direkte til Steinkjer.

No står andre runde i Norgescupen for lag som siste mogelegheit for å finpussa forma inn mot LS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jan Kristian Evensen

Os Skyttarlag