Tips: Eventuelle tips og observasjonar kan meldast til politiet på telefon 476 96 060.

Søkte med redningshelikopter

Redningshelikopter vart tysdag kveld sett inn i søket etter sakna kvinne.

Kvinna i 60-åra vart meldt sakna frå heimen sin i Varåsen tysdag morgon.

Søket etter kvinna heldt fram utover tysdag kveld og natt til onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet vart tysdag morgon orientert om at ei kvinne i 60-åra var borte frå bustaden sin.

Les også
Går ut med bilete av den sakna kvinna. Leiteaksjonen held fram

Kvinna er 178-180 cm høg, tynn med mørkt skulderlangt hår. Ho går truleg i støvlettar og svart, prikkete skjørt.

Tøsdal: Helikopteret har mellom anna søkt på Tøsdal.

Klokka 18.40 fekk Os & Fusaposten stadfesta frå Hovudredningssentralen i Sør-Norge at det var sett inn redningshelikopter frå Sola i søket etter kvinna.

Redningshelikopteret låg tysdag kveld for det meste over Tøsdal, Tøsdalsvatnet og forbi Borgafjell.

Ifølgje BT vart Sivilforsvaret også kalla inn like før kl 21.30.

– Søket vil pågå gjennom natta, opplyste operasjonsleiar Tore-André Brakstad til avisa tysdag kveld.

Eventuelle tips og observasjonar kan meldast til politiet på telefon 476 96 060.