Tunnelar opna att etter melding om gneistar frå vogntog

E39-tunnelar var stengd fredag ettermiddag.

Lyshortunnelen og Skogafjelltunnelen i retning mot Halhjem var fredag ettermiddag mellombels stengde grunna gneistar frå eit vogntog. Lyshorntunnelen retning Rådal var også stengd.

Like før kl 15 opplyste Vegtrafikksentralen at begge tunnelane var opne for ferdsel att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vogntoget var då ute av tunnelen, og var 'ivaretatt' av brannvesenet.

I Lyshorntunnelen var høgre felt retning Halhjem framleis stengd ein periode. Denne stenginga av høgre felt påverka også påkøyringsrampa frå Rådalskrysset.

Kl 15.45 opplyste Vegtrafikksentralen at rampa var open att, men at entreprenør var på staden for å sjekka vegbanen i høgre felt retning Halhjem, som framleis var stengd.

Kl 15.48 kom meldinga om at også denne tunnelen var heilt open for ferdsel og at entreprenør hadde klarert tunnelen.