Tradisjon: Kjetil Bruarøy og Jostein Halland fortel at avisene er glade for å bidra til ein tradisjon som begge så langt har hatt stor glede av å dekka frå bakom kamera.

– Velkomen til Sankthans-feiring i Mobergsvikjo

Det blir både bål, musikk, konkurransar og godt ver (!) når lokalavisene inviterer St Hans-feiring søndag.

Os & Fusaposten og Midtsiden hadde begge tenkt tanken då oppmodinga frå kommunen kom. Etter fyrst å ha tatt nokre telefonar i kvar si retning, gjekk dei i lag og inviterer til tradisjonsrik feiring i Mobergsvikjo søndag.

Tradisjonen tru vert det både palle-bål og musikalsk underhaldning. Feiringa startar kl 17.

Artikkelen held fram under annonsen.

Steinar Lyssand stiller med gitaren. Bålet tek dei rutinerte bålbyggarane ved Livskvalitet tek seg av.

For dei som er gode til å gjetta, vert det mogleg å vinna rause pengepremiar i ein tippe-konkurranse sponsa av Fana Sparebank.

Lions har sagt ja til å stilla med vakter både ved bålet og parkeringa. I tillegg bidreg dei med pengestøtte til arrangementet.

Det vert gratis pølser, burgar og is til rundt rekna dei 500 'fyrste', takk vere eit bidrag frå Rema 1000 Kuven stasjon.

Det vert fellesgrillar, som Havnechefen bidreg med, til dei som vil nytta seg av det, og i samarbeid med Oseana vert det tilgang til toalettfasilitetar.

– Vi har møtt velvilje frå alle vi har vore i kontakt med i samband med feiringa. Det set vi stor pris på, seier Bruarøy og Halland.

– Vi gler oss til å leggja til rette for ei kjekk feiring for både store og små, og håpar mange finn vegen til Mobergsvikjo.