Tek helg heime: Planen var ei langhelg i Os, men Steinar og Eva-Brith Eikevåg reiser heim tidleg.

Planla fem overnattingar. Reiser heim etter to

— Eg, og fleire med meg, opplever det slik at vi ikkje er ønskt velkomne lenger, seier Eva-Brith Eikevåg.

Ekteparet Steinar (67) og Eva-Brith Eikevåg (62) pakka i dag saman på bubilparkeringa på Steinneset og reiste heim. Planen var å vera i Bjørnafjorden til søndag, men då dei kom til parkeringa, reagerte dei på at døgnprisen er sett opp.

— Vi har forståing for at prisen kan stiga, men ikkje frå 200 til 350 kroner. Vi tenkte å ha trivelege dagar på bubilplassen, og det er veldig fint her, men prisen speglar ikkje det vi får på staden, meiner Eva-Brith.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisen er inkludert straum på parkeringa, men toalett, dusj og tømming av toalett går føre seg ved Esso. Kommunalsjef for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune, Runar Lunde, fortalde tidlegare i veka at det i 2022 blei vedteke å auka prisen til 300 kroner i 2023. Denne prisauken blei ikkje gjennomført. Frå 2024 vart prisen sett opp til 350 per døgn.

Legg frå seg pengar i sentrum

No kjem det reaksjonar på den store auken i pris på kort tid. I år er tredje sesongen ekteparet Eikevåg har bubil. Dei har vore på besøk i Os mange gonger.

— Vi liker å gå ut og eta og gå i butikkane i sentrum, ikkje på senteret, for der er dei same butikkane som på andre senter, seier Eva-Brith.

Dei fortel at det alltid er stille og roleg på parkeringa på Steinneset, og at dei nok kjem tilbake.

— Men då blir det færre overnattingar enn før, når prisen er som han er.

Har meld frå til kommunen

Etter at sakene om prisauken stod på trykk tidlegare i veka, blei det kommentert at det er merkeleg at turistar med bilar i millionklassen reagerer så sterkt på å måtta betala 150 kroner meir per døgn.

— Ser du den?

— Nei, eg ser ikkje den. Skal det bli så dyrt alle stader, har ikkje vi råd til å ha bilen. Då kan vi heller selja han og reisa til Syden. Kva om prisen stig 150 kroner til neste år også? Kva vil det då kosta å feriera nokre veker, og i tillegg gå ut og eta. Det blir store utgifter, seier Eva-Brith.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner at det må vera lov å seia frå og “protestera litt”.

— Vi kan ikkje berre sitja på gjerdet. Vi må få lov til å seia frå, meiner ho.

62-åringen legg til at ho kjem til å dela sine meiningar i bubil-grupper ho er medlem av i sosiale medium. Bjørnafjorden kommune har også fått ei melding.

Reaksjonane som kjem her, minner om situasjonen Kleppe Båtlag opplevde i fjor, ifølgje ekteparet.

Steinar fortel at båtlaget forsøkte seg med ein auke i prisen, men at dei etter sterke reaksjonar berre måtte snu og skru ned att prisen.

– Det blei mykje rabalder

Båtlaget driv gjestehamna og bubilplassen på Kleppholmen, heilt sør i Øygarden kommune.

Kasserar i båtlaget, Rudolf Krondorfer, stadfestar at dei gjekk opp i pris, men at dei så skrudde ned igjen.

— Vi måtte auka prisen grunna dei svært høge straumprisane som var. Det var dagar der vi gjekk i minus. Prisen blei auka frå 200 til 300 kroner i 2022 og ned igjen til 250 våren 2023, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Kleppholmen er det mogleg å tømma toalett, i tillegg til at det er dusj, toalett og vaskemaskin. Straum er inkludert i prisen nett som på Steinneset og i Eikelandsosen på Bjørnafjorden kommune sine parkeringsplassar.

Då Krondorfer får høyra om reaksjonane som kjem på prisauken her i Bjørnafjorden, er han ikkje overraska.

— Vi opplevde mykje av det same. Det blei mykje rabalder. Mange sa at dei aldri skulle koma attende, og éin gjeng har ikkje kome attende sidan. Det verka som at det blei “mobilisert” litt på same viset som det kan høyrest ut som at de opplever.

Ikkje første, men kanskje siste: Øystein Midlang har parkert bubilen på Steinneset mange gonger før, men etter prisauken er det ikkje sikkert at han kjem attende.

Vurderer sterkt å ikkje koma tilbake

Eit par plassar bortanfor ekteparet Eikevåg, stod Øystein Midlang (69) parkert. Han er del av eit reisefølgje med to bilar på tur.

— 350 kroner i døgnet her, er 100 kroner for mykje, seier Midlang.

Dei har reist frå Vik i Sogn og har vore her fleire gonger før, men det er ikkje sikkert at dei kjem attende.

Heller ikkje Midlang meiner at det er rart å reagera på ein prisauke på 150 kroner per døgn.

— Om ein har millionbil eller ein billig bil, har ingenting å seia, seier han og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg vurderer sterkt å ikkje koma tilbake. Det er ein kjempefin plass, men prisen er dessverre litt for høg med tanke på fasilitetane her.

På besøk frå Austlandet: Helge Nygård (67) henta den nye campingvogna på hytta på Halhjem og testa ut parkeringa på Steinneset før dei skal ut på tur.

Var innom for første gong

Helge Nygård (67) har parkert den nye campingvogna på Steinneset før første gong. Fyllingsdølen som har flytta til Austlandet, har hytte på Halhjem.

— Vi reiste hit no for å henta campingvogna som stod parkert på hytta. Då måtte eg berre inn her og testa denne plassen, seier han og smiler.

67-åringen har registrert at det stadig har vore fullt på Steinneset.

— Kva tenkjer du om prisen?

— Eg har ikkje reagert på prisen. Alt er jo alltid for dyrt, er det ikkje slik, då, seier han og ler.

Nygård har ikkje fått med seg at prisen er skrudd opp frå 200 til 350 kroner døgnet på kort tid.

— Eg har som sagt ikkje parkert her før, og var ikkje klar over kva prisen var tidlegare. Det er ein ganske stor auke, ja, men i utgangspunktet reagerte eg ikkje på 350 kroner.