Vårkonsert: Sjarmert i senk av Fusa-røvarane
Dirigent Tone Lise Moberg har verkeleg fått dreisen på herrekoret Koralrevane.
Det viste ho til fulle under søndagens vårkonsert i Kulturbedehuset Fredheim på Vinnes.
Koralrevanes frilynte «Vill røvar»-vise, ei fusisk gjendikting av irske «Wild rover», sjarmerte rett og slett publikum i senk med ei herleg programerklæring om kva eit mannskor skal vera: «Nei, no gir eg heilt blanke og syngje i kor»
Artikkelen held fram under annonsen.
VILL RØVAR
Eg var ein vill røvar, så smisken og glatt.
Eg har svindla og stole kvar einaste natt.
Og bløffa og loge, brukt trygda på bar,
og fått kåno te tru eg er hoen te kar!
Nei no vil eg ikkje,- - - - ikkje nava meir no. Nei no gjer eg heilt blanke og syngje i kor.
Eg har vore ein fiskar og levd som ein vill
I blåsten på fjorden med lodde og sild.
Eg har frose og kulsa i kaldare strøk,
men luten var liten og basen ein gjøk!
Nei no vil eg ikkje,--- ikkje kava meir no osb.
Eg har vore ein bonde og tridla på stein,
eg har mjølka og mura, felt tre so da kvein,
stått på hove i slåtten, i høy og i hå,
men pengar, nei dei såg eg ingenting tå!
Nei no vil eg ikkje,---ikkje grava meir no osb.
Eg har saga og spikra i alle dei år,
har blitt tunghøyrt og trangsynt og ryggjen er sår.
Eg har vatra og vinkla, stappa isolasjon,
men da blir aldri meir enn til minstepensjon!
Nei no vil eg ikkje,--- ikkje saga meir no osb.
Tekst: Morten Holmefjord
Melodi: Wild Rover/irsk folkevise
Teksten er sjølvsagt skriven av han som vert omtala som korets «founding father», multikunstnar Morten Holmefjord.
Karane meistrar altså humor, men syng like gjerne folkeviser og salmar, som ekstranummeret «No livnar det i lundar».
Slik blir det kanskje når dei, i fylgje seg sjølv, består av «elleve av det ypparste i Fusa uansett kategori».
I ei takk til koret frå Kulturbedehuset Fredheim, overrekte Njål Vindenes ein gåvepose med lokale delikatesser til dirigent Moberg.
— Tusen takk, men den største gåva er faktisk å få vera ilag med denne gjengen. Det er ein fest å reisa over fjorden til desse karane kvar torsdag. Det er alltid stor stemning, sa Moberg og la til:
— Og, vi har plass til fleire!
Koralrevane vart etterfølgt av gamaldans-gruppa Feststemt, der to av medlemene er lokale. Nemleg Kjersti Dalland frå Vinnes og Bård Gaute Midtrød frå Hålandsdalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Vi har drøymd om å få lov til å spela her, så då Njål ringte og spurte, tok det berre ti sekund å seia ja, fortalde Dalland.
Gruppa var innom både vals, polka, galopp, masurka og reinlendar. Etter publikums takt-tramping å døma, skulle ein helst ha rydda golvet og dansa, men den gong ei.
Den einaste som verkeleg fekk kosa seg på golvet, var babynurket som kraup under ein benk og drog i nokre spennande støvlettar og buksebein.