Redd for å mista jobben om han måtte i fengsel. Bad heller om høgare bot.
Fortalde i Hordaland tingrett at fengsel ville ramma familien hardt.
Natt til laurdag 23. september i fjor vart ein bilførar i 40-åra stoppa i eit bustadfelt i Bjørnafjorden.
Ei blodprøve teken ein halvtime seinare, viste ein alkoholpromille på 1,46.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då saka kom opp i Hordaland tingrett sist veke, gav han ei tilståing utan atterhald, og godtok såkalla tilståingsdom. Retten finn at dette tel i formildande retning.
Samtidig er det skjerpande at mannen køyrde bil under høg ruspåverknad med ein passasjer i bilen.
Tiltalte bad retten om ei høgare bot heller enn fengsel utan vilkår. Han fryktar for at han vil mista jobben og at familien vert ståande utan inntekt.
Retten finn likevel ikkje at forholda er alvorlege nok til at dei kan gå bort frå kravet om fengselsstraff utan vilkår for ruskøyring med så høg promille.
Mannen vart difor dømd til 21 dagars fengsel, 10.000 kroner i bot og to års tap av førarrett. Han vedtok domen på staden.